Juniorlaget vann Varegg Cup
VIDEO: Juniorlaget til Os gjekk heilt til topps i årets generalprøve før seriestart.
Os G19 må starta i 3. divisjon etter at Os i fjor ikkje stilte med juniorlag, men har den siste tida vist seg gode mot fleire 2. og 1. divisjonslag.
I februar vann dei Aktiv365 Cup, i dag vann dei finalen i Varegg Cup.
– Det var vel fortent, for å seia det mildt, seier hovudtrenar Bjørn Mjelva.
– Vi leia 2-1 til pause etter ein omgang på bar bane. I 2. omgang blei det tjukt med snø og kaos.
Roar Vestbø avgjorde
Finalemotstandar Nymark utlikna, men Roar Vestbø, som blei kåra til finalens beste spelar, skåra 3-2-målet rett før slutt.
Roar skåra også 2-1-målet medan Sander Kvittingen putta kampens første.
– No skal vi på Peppes og feira, seier Bjørn, to dagar før seriestart for begge juniorlaga til Os.
Jamn semifinale
Os tok seg til finale ved å vinna 1-0 og 7-0 over Varegg og Fyllingsdalen 4.
I sluttspelet slo dei Bergen Nord 3-2 på sudden death og Arna-Bjørnar 4-0 før ein, ifølgje Mjelva "moralsk finale" i semifinale mot Fana.
Den vann Os 3-0.
Os 2 vann også si pulje, men blei slått 1-4 av Nymark i sluttspelet.
VIDEO: Sjå to av Os sine skåringar i finalen - og champagnekort-sprettinga då gullet var i boks. (Foto: Henrik Mjelva)