Fotball | 18. feb. 2013

Juniorlaget med cupsiger

Dei er meldt på i 3. divisjon, men utan handikap-fordel slo Os lag frå både 1. og 2. divisjon på veg til gull i Aktiv365 Cup.

Juniorlaget med cupsiger
Det blei vill jubel då Philip Moe Haugland avgjorde finalen eit halvt minutt før slutt søndag kveld. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. feb. 2013 12:42

I helga blei årets Aktiv365 Cup arrangert av Smørås idrettslag.

– Vi visste ikkje om cupen før Smørås fortalte om den etter ein treningskamp vi hadde mot dei i vinter, fortel Os-trenar Rune Balland.

Os hadde som kjent ikkje juniorlag i fjor, derfor er gutelaget frå 2012 påmeldt i 3. divisjon i år. I cupen var det lag frå alle divisjonar, men utan at det blei gjeve straffe-fordel for divisjonsfordel.

Likevel tok Os seg heilt til finalen, der det i siste sekund blei avgjort i Os sin favør med 3-2-siger over Åsane.

– Vi hadde byrja å plukka ut spelarar til straffekonkurranse då Egil Thuen kom på eit kjemperaid og sendte vidare til Philip Moe Haugland, som sette inn 3-2 eit halvt minutt før slutt, fortel Balland.

Åsane kom på 6. plass av 10 lag i 1. divisjon i fjor.

Egil Thuen og Bjarte Halhjem skåra dei to første finalemåla til Os.

Vegen til finalen

Os slo vertsklubben Smørås 3-0 i første kamp. Også lokaloppgjeret mot Nore Neset, som kom på 8. plass i 2. divisjon i fjor, enda med 3-0-siger til Os.

I siste kamp i innleiande rundar blei det 0-0 mot Minde. Semifinalen gjekk mot Smørås 2 og enda med 4-1-siger.

5. plass til Nore Neset

Nore Neset tapte 1-2 for Minde i første kamp. Etter tapet for Os vann dei 2-1 over Smørås.

Så venta kamp om 5. plassen og den gjekk mot Nymark, som var kretsmeister i 2. divisjon i fjor.

Nore Neset vann 2-0.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.