Juniorjentene til semifinale!
«Blodig» torsdag for Os, men jenter 19 tok seg vidare i Norway Cup.
I går starta sluttspelet, i dag har åtte lag frå Os og Os/Nore Neset (samarbeid i jenteklassane) spelt kampar.
7 av 8 lag blei slått ut, men den siste av Os sine kampar enda med siger.
Os/Nore Neset J19, som hadde fri i går, slo Bremnes i kvartfinalen.
– Bremnes hadde eit stolpeskot, men det var nok vi som hadde flest store sjansar, seier trenar Ørjan Sandal.
Det sto 0-0 etter ekstraomgangar, dermed enda det i straffespark-konkurranse.
– Vi ønskjer ekstraomgangar og straffekonk, for der er vi gode!
Os/Nore Neset var, som venta av Sandal, best og vann 4-2.
Os/Nore Neset skåra på alle sine straffar.
Straffeskyttarar var Amalie Frekhaug, Emilie Andersen, Lilly Skarstein og Anika Lunde Hatley.
Det er i skrivande stund ikkje avgjort kven dei møter i semifinalen, men kampen går klokka 19.30 fredag kveld (Ekeberg bane 5).
Med siger i denne blir det finale på bane 1 klokka 10.20 laurdag.
Taper dei semifinalen blir det bronsefinale klokka 09.45 (bane 3).