Julerock på heimebane
Os Rockeklubb held seg i år på heimebane når dei lagar årets Julerock. Frå rykande ferske til dei mest hardbarka skal på scenen.
- Vi har arrangert Julerock på utestadar i Os fleire gongar, men i år vil vi ha arrangementet i eiga stove, seier Kjetil Grønvigh frå Os Rockeklubb.
Warfart, K-Jell, Bombers, Neoplasma, Bone Shakers og Abstractium står på programmet 2. juledag. Søfteland Rock n LOL er med på å arrangera konserten.
- Her får vi alt frå band som kom til klubben no i haust til rockarar som nesten budde i rockeklubben på slutten av 80-talet, og som framleis er aktive. Alt blir på heimebane, som eit julebord for Os-rockarane. Berre utan bord.
Bombers i bomberommet
Tilfluktsrommet på Kuventræ er innreia med scene, lys- og lydutstyr, sofagrupper og bar. Kjetil ser fram til å høyra både gamle kjente og nye kjente i aksjon i rockeklubben.
- Neoplasma, som for ei stund sidan like gjerne kunne omadressert posten sin til rockeklubben sitt lokale, øver i nye lokaler no, og har hatt eit godt år. Eg er spent på å høyra kor gode dei har blitt.
- Og så utfordra eg Abstractium, unge musikarar frå Lysefjorden og Søfteland, som har tatt over stafettpinnen etter Neoplasma med å øva døgnet rundt, til å opna ballet, fortel Grønvigh.
Bombers blir blant veteranane i bomberommet.
- Olve, Pez og Tore spelar Motorhead slik Motorhead skal spelast. Det er utruleg kjekt at vi har fått dei til å koma og spela i klubben igjen.
K-Jell er nesten ferdig å spela inn neste album, og har planar for ny Kina-turné til våren. Også dei spelar på Julerock.
- Eg har høyrt platene, men det skal bli spennande å sjå dei LIVE. Luksus å sleppa å reisa til Kina for å oppleva dei, ler Kjetil.
Med gjesteliste
Klubben har fått skjenkeløyve til det lukka arrangementet. I lokalet har dei plass til 150 gjestar.
- Medlemmar i rockeklubben er inviterte, saman med dei som er med i Facebook-gruppa Julerock. Til no har vi 60 påmeldte.
- Konserten startar tidleg, dørene opnar klokka 19 og første band går på scenen i 19.30-tida. Sidan vi får gjestar som sikkert har mykje å snakka om, går vi over til å snurra plater i 1-tida om natta. Vi må ha det litt sosialt saman òg, seier Kjetil Grønvigh.