Lokal | 28. des. 2009

Jul i Fak-Fak

Han saknar familien, venar og snø, Alan Haugland, som feirar jul på båt i Asia.

Jul i Fak-Fak
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. des. 2009 11:51

Bildeserie:

1 av 3

Midtsiden.no har invitert lesarar som feirar jul utanlands eller andre litt spesielle stadar, å senda ein stemningsrapport til heimbygda. Alan Haugland er ein av dei som ikkje var heime denne jula.

- Eg jobbar om bord på M/V "Ramform Explorer", eit PGS-eigd seismisk skip. Annakvart år er vi heime i jula, men i år var det vår tur til å vera ute, skriv Alan i ein epost.

Vedlagt fann vi julekortet "The Human Christmas Tree", mannskapet oppstilt som eit juletre på helikopterdekk.

- Vi endte opp vest for New Guinea på ein plass som heiter Fak-Fak. Her har vi prøvd å feira jul så godt vi kan, men det blir ikkje det same når det er 40 varmegradar, seier Haugland.

I tillegg til å sakna kona og venane sine, er minusgradane og snøen vi har i Os med på å gjera heimlengselen stor.

- Eg følgjer med på Midtsiden og ser at de har flott vintervêr i Os. Akkurat slik jula skal vera, spør du meg.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.