Jul i Bjørnafjorden
Det nærmar seg jul, ei fredfull jul med våre næraste.
Pandemien har herja med oss i snart 2 år. Landet og folket kjenner på nedstengning, retningslinjer og påbod. Kvar og ein av oss er berørt, og har ansvar for eiga helse og dei rundt oss.
Mange bransjar har hatt betydelege utfordringar med nedstengningar. Tilsette og bedriftseigarar har hatt ei usikker tid; får vi ha ope eller stengd? Får vi økonomisk kompensasjon eller må vi stenga for godt?
I kommunen er det store nedskjæringar, avslutninga av SIO-prosjektet fører til mindre inntekter på over 150 millionar kroner. 3 milliardar i gjeld er også ei utfordring. Vi brukar om lag 150 millionar kroner per år for å betena den. Mange av tiltaka desse pengane er nytta til er nødvendig for drift av kommunen, andre er mindre viktige men kjekke å ha.
Nedskjæringane blir massive, og det kjem til å ha betydning for både dei tilsette og dei som mottar tenester.
Vi politikarar har forskjellig innfallsvinkel.
Nokre vil skjera til beinet og skapa handlingsrom til investeringar. Andre vil at vi skal nytta tilgjengelege driftskroner til drift av einingane våre som kvar dag gir oss gode barnehagar/skular/ivaretar dei på sjukeheimen og brøytar vegane våre – mellom anna.
I kommunestyret er det ein viss form for stol-leik. På veggane bak oss heng tidlegare ordførarar. Kvar og ein av desse har for si tid vore viktige, men historisk er vi alle berre ein parantes.
Det å samla seg over eit felles budsjett, slik stoda er, hadde vore det beste, forutberekneleg for både innbyggarane og ansette. Det gjekk ikkje denne gongen.
Det å vera folkevald er å ivareta innbyggarane på best mogeleg måte ut frå økonomiske og menneskelege ressursar.
Mange politiske parti med ymse innfallsvinklar er det som gjer vårt demokrati så unikt, og det er i brytninga mellom desse våre vedtak blir til.
Når vi no går inn i eit nytt år håpar eg på at pandemien tar slutt og liva våre kan levast slik vi ynskjer.
Bjørnafjorden kommune har framleis 2 milliardar kroner å driva tenester for, mange tilsette gjer det dei kan kvar dag for meg og deg. Det skal vi vera glade for.
Med ynskje om ei god jul og eit godt nytt år.
Mikal Leigland