Næringsliv | 22. nov. 2017

Jubeldag hos Kali

12 terapeutar og over 100 kundar venta 10 veker på opning.

Jubeldag hos Kali
Halve staben hos Kali, f.v.: Synnøve Faugstad, Vibeke Holmen, Karlotte Møgster (nede), Agne Astrauskiene, Nada Al-Sahnawi og Anne Andersen (nede). (Foto: Kjetil V. Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. nov. 2017 15:08

Laurdag 16. september blei siste opningsdag etter at vasslekkasjen blei oppdaga. Det som først såg ut til å bli 3-4 veker med stengt klinikk varte til opning i dag.

– Det har vore ein grusom periode! For det første er 8 av 12 behandlarar eksternt, innleigd personell, som ikkje fekk permisjon - for det andre hadde vi mange bookingar som måtte flyttast, og desse måtte flyttast to gongar. Vi har sikkert tatt 300-400 telefonar desse vekene, seier gründar og hovudaksjonær Karlotte Møgster.

Ny medeigar etter at Laila Moberg byrja for seg sjølv er Vibeke Holmen. Karlotte og Vibeke er to av fire fast tilsette, mens åtte andre er innleigde på ulik frekvens, innan ulike fagområde, frå neglar til føter.

Måtte støypa nytt golv

Vasslekkasjen blei oppdaga då golvet i 1. etasje svulma opp.

– Det viste seg at eit avlaupsrør til eit sluk var delvis ute av posisjon. Eg såg for meg ei veke med stenging for å legga nytt golv, forsikringsselskapet tippa 3-4 veker. Det blei dessverre meir enn det òg.

Det gamle tregolvet blei erstatta med fliser, men først måtte nytt golv støypast.

Ni år i same lokale

Kali flytta frå Oshjørnet til Telthuskvartalet i februar 2009, etter å ha hatt ein julebutikk i lokalet i desember 2008.

Lokalet er på til saman 150 kvadratmeter, fordelt på to etasjar.

Her er det butikk og eitt behandlingsrom i første etasje, og fire behandlingsrom, inkludert eit spa-rom med dusj, i andre etasje.

– Vi er jublande glade over endeleg å vera i drift igjen, og over at kundane våre kjem tilbake etter over to måadar med stengt hus.

– Så no er timelistene smikkfulle i lang tid?

– Nei, dei byrjar å fyllast opp, men då vi ikkje har våga å seia opningsdato, har vi i perioden med stenging heller ikkje tatt imot så mange bookingar, seier Karlotte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.