Jørgen briljerte
... men samla sett var Os lite strategiske og gav vekk sigeren i siste sving.
Os gjekk på sin første uavgjorte då dei spelte borte mot Kjøkkelvik 2 i går, men det sto berre likt på 0-0 og på sluttresultatet 27-27.
– Dette var lite rutinert av oss. Vi opna knallbra og vi leia 20-25 kort tid før slutt, likevel gjekk vi på tidlege avsluttingar og opna for kontringar, då det var vi som hadde god tid og motstandarane som hadde det travelt, seier trenar Kenneth Husebø.
Kjøkkelvik 2 - Os 27-27 (11-13)
Målskårarar, Os: Jørgen Wold 11, Ove Lyssand 5, Fredrik Andresen 5, Nils Hamre 3, Trygve L. Dahl 2 og Mats Brunvatne.
Husebø er svært nøgd med starten og imponert over toppskårar Jørgen Wold.
– Jørgen hadde ei veldig god avslutting på sesongen i vår og har vore veldig god også i dei første rundane våre i haust.
– I går starta heile laget veldig bra, vi heldt oss til alle avtalen og spelte med trøkk. Men med litt få innbytarar blei det for udisiplinert utover i kampen, då dei byrja å bli trøytte. Vi burde likevel klart å hala sigeren i land.
– Bør landa på øvre halvdel
Os står med to sigrar, eitt tap og éin uavgjort etter dei fire første kampane.
Husebø meiner opprykk ikkje er noko å strekka seg etter.
– Vi har mista Isak Røen og Joakim Blostrupmoen og har erstatta desse med yngre krefter. Det er for tidleg for oss å ha mål om 2. divisjon.
– Men dei skal redusera storleiken på 3. divisjon til neste sesong, så vi bør gå for å landa i øvre halvdel, at vi held oss i det som blir ein tøffare 3. divisjon neste haust.
Seks (!) veker til neste kamp
Herrelaget har tre kampar igjen før jul, alle på bortebane og neste kamp først om drygt seks veker, søndag 29. november.
– Det er litt uheldig at serien er sett opp med så stor luke, men vi får satsa på å bruka tida godt til trening, seier Husebø.
Første kamp på nyåret er heime allereie 3. januar.