Sport | 26. okt. 2015

Joachim, Hans og Tore blei noregsmeistrar

Tre osingar var del av Norrøna-laget som vann veteran-NM i helga. Os damer 50+ blei snytt for finaleplass, men fekk bronse.

Joachim, Hans og Tore blei noregsmeistrar
Joachim Nøkleby og Hans Brunvatne var med å vinna NM for veteran med Norrøna i helga. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 26. okt. 2015 11:10

Bildeserie:

Norrøna 40+ som i helga vann veteran-NM.
Norrøna 40+ som i helga vann veteran-NM.
Os 50+ var nær finaleplass, men endte med bronse.
Os 50+ var nær finaleplass, men endte med bronse.
1 av 2

– Eg har blitt invitert med fleire år, men dette er første gong eg stiller med Norrøna i veteran-NM, seier Joachim Nøkleby.

Som 16-åring gjekk han saman med Knut Ove Nytræ og Tore Helgesen til eliteserieklubben, seinare kom også osing Hans Brunvatne til øvste nivå.

I helga var både Joachim, Tore og Hans med Norrøna til Stavanger for å delta i klassen herrar 40+.

– Vi fekk ein knalltøff opning mot Elverum, men vann både denne og alle dei andre kampane våre. Alle dei tre keeperane våre sto godt og i finalen tetta Jas Stankiewicz heilt igjen buret og sleppte berre inn eitt før pause.

Les òg: Gullet ska hem (TV2/av Stig Nygård)

– Det gjekk litt tid før vi fekk spelt oss inn som lag, det er jo ei stund sidan vi spelte saman. Men det var utruleg kjekt å spela på dette nivået igjen. Sjølv om vi er over 40 så er det mykje fin handball, det er speleforståing på eit heilt anna vis enn nedover i seniordivisjonane.

Første gong over 50

Os sitt veteranlag i +40-klassen har no blitt mange nok over 50 til at dei kunne debutera i 50+.

– Vi har vore i finalen fire gongar i 40-årsklassen, men det er klart det blei tungt når fleire av oss er over 50 å spela mot dei som nettopp har blitt 40, seier Anne Lyssand.

Damene gjekk for gull i 50+ og var svært nær finaleplass.

– Det skjedde mykje rart i semifinalen. Mens vi blei dømt for brøyt fekk motstandarane, Fjellhamar, straffe. To gongar blei det dømt straffe av dommaren som sto midt på banen, mens sjølve måldommaren ikkje dømte straffe.

Os leia med to mål kort tid før slutt. Så blei det 8-8 etter full tid før Os rauk ut på sudden death.

– Det var utruleg bittert. Fjellhamar gjekk til finale, der dei knuste Sola 12-7.

– Men vi hadde ein kjempegøy tur og får trøysta oss med bronse og sikta oss inn på å koma sterkt tilbake neste år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.