Sport | 29. juni 2017

Jentene tok styringa

Fotballskulene • På Nore Neset var det jentene som var sjef då idrettslaget inviterte til fotballskule.

Jentene tok styringa
Jentespelarane på Nore Neset coacha kvar sine lag under den avsluttande fotballturneringa (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 29. juni 2017 13:42

Bildeserie:

Fotballskulen på Nore Neset (foto: Andris Hamre)

frukt i pausene mellom kampane (foto: Andris Hamre)
frukt i pausene mellom kampane (foto: Andris Hamre)
Jørn Vegard Berge i gang med finaleoppsettet framfor spente spelarar (foto: Andris Hamre)
Jørn Vegard Berge i gang med finaleoppsettet framfor spente spelarar (foto: Andris Hamre)
Alt klart. – De skal spela der, seier Berge (foto: Andris Hamre)
Alt klart. – De skal spela der, seier Berge (foto: Andris Hamre)
Fotballskulen på Nore Neset (foto: Andris Hamre)
Fotballskulen på Nore Neset (foto: Andris Hamre)
1 av 8

Som på Kuventræ blei fotballskulen på Nore Neset avslutta onsdag med turneringsspel. Medan det var "landslag" som møttest på Kuventræ var det Napoli, Barcelona, Dortmund, PSG, Atletico Madrid, Arsenal og Chelsea kampen sto mellom og på sidelinja var det jentespelarane frå Nore Neset som var coachar.

– Det er veldig kjekt å ha med jentene som instruktørar på skulen. Dei fleste av dei har sjølv vore deltakarar så seint som i fjor, fortel "rektor" Jørn Vegard Berge.

Fleire på cup

Rett skal vera rett, også gutespelarar frå klubben har vore med som rettleiarar medan fleire av dei andre spelarane har vore på Sør Cup i Kristiansand, kor G14-laget vann B-finalen.

– Litt utfordring har det sjølvsagt vore at fleire av spelarane har vore avgårde på cup samstundes med fotballskulen, men ikkje meir enn at vi har handtert det.

God hjelp

Dei 70 deltakarane frå 2. til 7. klasse har fått oppleva tre dagar med ulike poster og oppgåver.

– Det har ikkje berre vore fotball. Vi har òg hatt klatring, agility og rein leik. I tillegg til å nytta dei to kunstgrasbanene har vi òg fått låna kultursalen på barneskulen, og idrettshallen.

– I tillegg har aktivitetshuset stilt opp og laga mat til alle deltakarane, fortel ein takksam Berge.

Sjå også bildeserie frå fotballskulene på Søre Neset og på Kuventræ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.