Lokal | 13. okt. 2013
Jente frå Os dømt til fengsel
18-åring fekk fengsel på vilkår etter å ha kjørt "litt" for fort i Bergen.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 13. okt. 2013 09:37
Ei 18 år gamal jente frå Os blei denne veka dømt til 18 dagar fengsel på vilkår for å ha kjørt for fort.
Jenta blei stoppa i Nygårdsgaten i Bergen natt til søndag 15. september i år, i 108 km/t i 60-sona.
Hadde ho kjørt 2 km/t fortare ville fengselsstraffa ikkje blitt gjort på vilkår.
Jenta møtte i retten og tilsto. No må ho klara seg i 12 månadar utan det ferske førarkortet sitt, før ho kan ta prøven på nytt.
Ho må også ut med 10.000 kroner i bot.