Jente fekk kjeft
Politiet la seg i går etter ei fartsglad jente ned Fanafjellet. I tillegg var dei ute og henta skilt av bilar - og delte ut parkeringsgebyr i Gymnasvegen.
Måndag observerte politiet ein bil som heldt høg fart og kjørte, etter deira syn, uaksamt ned Fanafjellet retning Os.
– Bilførar, ei kvinne i 20-åra, fekk tilsnakk, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Feilparkert ved Rema 1000
I tillegg var politiet ein runde og avskilta nokre bilar som står på lista hos vegvesenet.
Politiet skreiv også ut eit gebyr for ulovleg parkering - utanfor Os sentrum.
– Ein bil som sto i krysset mellom Idrettsvegen og Gymnasvegen, ved Rema 1000, sto sånn at den sperra sikta.
Førar fekk eit gebyr på 500 kroner.
Sette ungdom i marsj
Rundt midnatt møtte politiet ein gjeng med ungdomar som hadde samla seg ved Søfteland skule.
Dette er eit område politiet held eit ekstra auge med, etter hærverk ved ein barnehage og rykte om mykje festing i helgene.
– Ungdomane er personar vi har vore i dialog med tidlegare. I går fekk dei ordre om å gå frå området, noko dei etterkom.