Jegerane jublar
Noregs Jeger- og fiskerforbund jublar over at Raudlio/Stokkedalen er sikra. – Her har Os kommune gjort ein viktig innsats, seier fylkesleiar Bjarte Erstad.
Tysdag morgon blei det kjend at Os kommune hadde sikra seg Raudlio/Stokkedalen frå Statskog SF.
– Vi blei svært glad då vi mottok meldinga.
– Dette er ein veldig god, og særdeles viktig, nyhende for jegere og sportsfiskere i heile regionen.
– Raudlio/Stokkedalen har vore kjerneområde for jakt- og fiskeinteresser i Hordaland i meir enn 100 år, og er no sikra i all overskodeleg framtid til same formål.
– Her har Os kommune med ordførar Terje Søviknes gjort ein viktig innsats som har gjeve det best tenkelege resultatet, seier fylkesleiar i Noregs Jeger- og fiskerforbund, Bjarte Erstad.
Eigedommen omfattar heile 7% av Os kommune sitt samla areal, og representerer eit av dei største samanhengande natur- og friluftsområda på Bergenshalvøya.
Os kommune har gjennom eit eige prosjekt etablert eit unikt samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Bergen Skog og Træplantingsselskap og Bergen & Omland Friluftsråd om kjøp og framtidig drift av eigedommen.