Jamt toppmøte
Lysekloster tok leiinga, men klarte ikkje å slå Stord på heimebane.
Lysekloster tok laurdag imot Stord til toppkamp i 3. divisjon.
Bortekampen enda 2-2 etter at Stord utlikna på frispark på overtid. Også i dag var det Lysekloster som leia, men no stakk Stord av med alle poenga.
Lysekloster – Stord 1-2 (1-1)
Mål: Baste Jonassen (1-0) og Morten Hillestad (1-1 og 1-2)
Gule kort, Lysekloster: Kim Krogsethagen og Baste Jonassen
Dagens Lysekloster-spelar: Johannes Jordal
Lysekloster: Kjetil Hansen, Kim Idar Krogsethagen, Thomas Lyngbø, Baste Jonassen, Kim Kleivedalen, Johannes Jordal, Eirik Indredavik, Preben Skorpen, Frode Buvik, Mattias Høiland og Lars Henrik Skage (Oddbjørn Sindland).
– Eg er nøgd med førsteomgangen og nøgd med det meste, utanom resultatet, seier Lysekloster-trenar Thomas Sandal etter kampen.
Det blei ein spennande og sjanserik kamp, der Lysekloster kanskje skapte mest før pause, medan Stord skapte mest i midten av andre omgang.
Utlikninga kom før pause. Mot slutten av 2. omgang skapte vertane mykje, men så kom 1-2 knappe ti minutt før slutt.
Ulikt syn på spelestil
– Det er ein spennande kamp mellom to gode lag med ulik spelestil. Lysekloster slår mykje langt og jobbar hardt med store og sterke spelarar på første- og andreballane, meiner Stord-trenar Magnar Aaland.
– Kampen kunne ha vippa begge vegar, med gode keeparar i begge endar av banen. Eg føler det er greit at vi vinn, men er naturlegvis glad for å ta tre poeng i denne viktige bortekampen.
Skildringa av spelestil er noko trenarteamet til Lysekloster reagerer på.
– Eg heldt på å seia snarare tvert imot. I første omgang spesielt er det vi som har føringa og skaper 2 mot 1 og 3 mot 1-situasjonar, medan Stord legg seg lågt og satsar på kontringar, noko dei var effektive på, seier assistenttrenar Torbjørn Birkelund.
To debutantar
Lysekloster stilte med to debutantar i troppen i dag.
Thomas Lyngbø, som har spelt for Fana og Lyngbø før han studerte i Molde og spelte for Træff (2. divisjon), er tilbake i bergensområdet, ny på Lysekloster og spelte midtstoppar frå start.
Oddbjørn Sindland er frå Arendal, har flytta til Bergen for å studera i fem år, og fekk sin debut då han kom inn for Skage på høgrekant i 2. omgang.
Fleire resultat frå 16. runde
Også i dei tre andre kampane som til no er spelt i 16. runde har det vore bortesiger:
Vardeneset - Brodd 1-3
Åkra - Austevoll 2-3
Kopervik - Øystese 1-2
Søndag tar Os imot botnlaget Vaulen. Med siger i denne kan Os, grunna Vardeneset sitt tap, klatra frå 6. plass opp igjen på 3. plass på tabellen.
Men Haugesund 2, som har eitt poeng meir enn Os, speler borte mot Randaberg måndag og kan i så fall ta 3. plassen frå Os igjen.
Os – Vaulen startar klokka 15.30 søndag.