Jamt i Norway Cup
J19-laget til Søre Neset står med to tap etter jamne kampar i Norway Cup. – Vi kunne like gjerne vunne, seier trenar Øystein Mjelde.
Jentene frå Søre Neset er saman med dei to gutelaga frå Nore Neset dei einaste frå Os som deltek i Norway Cup denne veka.
Sundag starta dei turneringa med ein tøff og tett kamp mot Bergen Nord/Hovding.
– Det var jamnt og tett. Vi hadde masse sjansar og kunne like gjerne vunne, men vi fekk ikkje ballen i mål, fortel Øystein Mjelde.
Kampen endte med 3-4 tap for Søre Neset-jentene.
Blei slitne
Andre kamp i turneringa gjekk mot dei lokale jentene frå Nordstrand.
– I dag blei det òg jamnt, men vi gjekk litt tomme utover i andre omgangen.
– Dermed måtte vi diverre sjå oss slått 0-2.
God stemning, trass tap
Mjelde fortel at stemninga i troppen er god, sjølv med null poeng etter dei to første kampane.
– For jentene er det første gong i Norway Cup, så berre det er ei oppleving.
– No skal vi førebu oss til kampen mot Nittedal i morgon kveld.
– Då er det berre knallhard jobbing som tel, slik at vi tek sigeren heim i den kampen, avsluttar Søre Neset-trenaren.
Siger og tap for Nore Neset
Dei to gutelaga til Nore Neset har førebels berre spelt ein kamp kvar. 1.laget slo Tiller frå Trondheim 3-1, medan 2. laget måtte sjå dei same sifra, men med motsett tyding etter kampen mot Valdres FK frå Fagernes.
Nore Neset 1 speler mot Løvenstad 2 frå Lørenskog klokka 16.30 på Rustad, medan Nore Neset 2 skal ut i oppgjer mot Start frå Kristiansand klokka 1830 på Ekeberg.