– Ja til alt er å lura innbyggjarane
Lesarinnlegg: Frp påstår dei ønsker ein føreseieleg arealpolitikk. Dei hadde 20 år på seg å klara det – men mislukkast.
Svar på lesarinnlegg frå Frp: Nei-kommunen er ein realitet
Denne våren har plan- og bygningsutvalet jobba på spreng saman med administrasjonen for å få i hamn ein arealplan for Os-delen i kommunen. Slike planar skal rullerast jamleg, men arbeidet stagnerte dei åra Frp sat ved roret.
Alt har flote, utbyggingsarealet fekk esa utover alle grenser og det gjekk prestisje i å oversjå overordna retningsliner – uansett kva godt dei måtte føra med seg for innbyggjarane.
Det siste planframlegget dei tok med i mekling hos Fylkesmannen stod til stryk: uheldig, uklart, uferdig, problematisk, var blant karakteristikkane frå Fylkesmannen.
Altfor stor bustadreserve var berre eitt av problema. Planforslaget var også i strid med mykje av overordna nasjonale og regionale retningslinjer som skal sikra alle innbyggjarane gode kår og høg livskvalitet der dei bur og jobbar.
Og her kjem vi til kjernen i problemet, som Frp elegant hoppar bukk over.
Arealplanen skal ta omsyn til ALLE innbyggjarar (også dei som kjem etter oss), ikkje berre dei som eig areal eller har lyst til å byggja ut. Når Frp kallar seg JA-partiet så betyr det eigentleg ja til nokre få. Og nei til resten.
For nokon må betala rekninga når landbruksland vert byggeland, når natur og naturmangfald går tapt og strandsona vert privatisert. Nokon må betala rekninga når store byggeprosjekt vert pressa gjennom til tross for at det manglar trygg skuleveg og annan infrastruktur.
«Bygg først – så pressar vi fram bru etterpå», som Gustav Bahus (Frp) så lettvint slo fast, då det vart peikt på at Strøne-brua ikkje toler trafikkauke frå anleggstrafikk og fleire bustader.
Det er feil når Terje Søviknes og Gustav Bahus skriv at vi fjernar utbyggingsland med «eit pennestrøk». Ingen av oss i posisjonen tek lett på dette. Vi kjenner det store ansvaret som kviler på skuldrene våre, og vi veit at dei vala vi tek får konsekvensar. På godt og vondt.
Administrasjonen har gjort eit stort og krevjande arbeid med å foreslå kva område som er modne for å takast ut – etter kriterium som heile utvalet har stilt seg bak.
Mange av desse områda skulle aldri ha lagt i planen i utgangspunktet, andre er gått ut på dato.
Så er det område som kunne hatt livets rett, men som må vika plassen. Det kostar også oss å ta dei ut – men det er den uheldige konsekvensen av at utbyggingsarealet i Os har gått meir eller mindre på sjølvstyr i årevis.
Vi kunne gjort som Frp, vald minste motstands veg, og behalde bortimot alle område.
I staden tek vi den traurige jobben med å rydda opp – slik at vi endeleg kan få moderne og oppdaterte planar som fungerer både for innbyggjarar og utbyggjarar. Det blir mindre trong for dispensasjonar og dyre, tidkrevjande søknader.
Så skal vi ta dei naudsynte og viktige kampane der vi meiner Fylkesmannen bommar. Ingen treng tvila på at vi står på for alle innbyggjarane i Os.
Terje Sperrevik (Sp) - Leiar PBU
Nils-Anders Nøttseter (MDG) - Nestleiar PBU
Line Furubotnen Storum (Ap) - Medlem PBU
Marie Hauge (MDG) - Medlem PBU
Asle Olsen (SV) - Medlem PBU
Trygge Lillestøl (KrF) - 1. vara PBU