Ivrig vatning av hagen?
Vatnet fossa ned Stegen torsdag kveld. No er vegen stengt for trafikk.
Litt før klokka 20 i kveld blei det varsla stor lekkasje i Stegen ved Os sentrum.
Det var varabrannsjef Arne Monsen som slo alarm, han var blant dei første som oppdaga lekkasjen då han sykla forbi gata, som ligg rett bak brannstasjonen, i kveld.
– Det er ein stor lekkasje et stykke oppe i Stegen. No stenger vi vatnet for å finna den, sa Monsen.
Stengt for trafikk
Teknisk vakt frå Os kommune og brannsjef Stein Gjøsund var raskt på plass.
– Det er eit gamalt etanitt-rør som ligg i denne gata her. Vi veit ikkje kor stor skaden er før vi har gravd den fram, fortel Gjøsund.
Stegen er no stengt for trafikk og fleire bustadar i området blir utan vatn ein del timar framover.
Ikkje første gong
– Det skjer ganske ofte. Skulle tru det snart var billigare å legga eit nytt rør her, meiner ein nabo Midtsiden snakka med.
Både i august 2010 og desember 2010 skreiv vi om lekkasje i Stegen. Den eine gongen var både sjukeheimen og Bjørnefjorden Gjestetun utan vatn.
– Denne gong får vi stengt over og under brotet, så det blir berre dei imellom som blir utan vatn.
– Fredag morgon kan vi, ved behov, koma ut med den nye tankbilen så dei som vil ha vatn til kaffi og kattevask kan henta vatn i gata. Bilen er godkjent som leverandør av drikkevatn, seier Gjøsund.