– It´s a man´s world
Det tilspissar seg i "Skal vi danse". Eirik Søfteland gler seg til å skulle dansa to danser laurdag kveld. – Siste dans er konkurranse gutane mot jentene, fortel danseidolet.
Berre seks par står att i "Skal vi danse" etter at Carl I Hagen rauk ut førre laurdag. No dreg det seg verkeleg til, og i kveld er første gong deltakarane skal dansa to gonger.
– Det blir slik no heilt fram til finalen, kor vi skal danse tre dansar, seier ein lett anpusten Eirik Søfteland, på telefon frå treningsstudioet kor det blir 4 - 6 timar trening kvar dag.
– Det er ikkje noko snakk om kvile, nei.
– Til og med sundagen går med til trening, fortel Søfteland som gler seg til å skulle danse gruppedans saman med dei andre karane i duell med dei kvinnelege kjendisane.
– Det blir ein lagkamp, kor det er om å gjera å slå det andre laget.
– I kveld blir det "a man´s world", slår Eirik Søfteland fast.
Same vekt, meir musklar
Fleire av dei tidlegare deltakarane har fortalt at dei har rast ned i vekt når dei har vore med på programmet.
– Korleis er det med deg, har det rast av mange kilo?
– Nei, vekta er omlag den same som då eg starta, men denne kroppen har blitt strammare.
– Eg har fått meir musklar og blitt kvitt det lille fettet eg hadde, også har jeg jo blitt i betre form, og det hadde eg jo ikkje vondt av, ler Søfteland.
Endra koreografi fredag
Søfteland fortel at partner og trener Nadya Khamitskaya er flink til å lage gode koreografier til dei forskjellige dansane.
– Eg tek trinna og koreografien kjapt, så Nadya tillett seg å gjera endringar utover i uka, men denne gongen tykkjer eg ho var i seinaste laget, då ho kom med endringar fredag.
– Men, eg tok den òg, så no skal eg vinne, slår ein sjølvsikker Eirik Søfteland fast.
Vil slå Stavanger
Eirik, saman med Kim-Daniel Sannes og Kathrine Sørland har vore blant dei tre øverste kvar gong. Danse-Eirik reknar med at det blir dei tre som konkurrerar om tittelen.
– Denne gongen skal eg ikkje bli nummer to.
– No håpar eg osingane hjelper meg til å slå Stavanger, oppmodar Eirik, med referanse til Idolfinalen, kor Siri Vølstad Jensen frå Ålgård (rett utanfor Stavanger) snappa sigeren.
Dette dansar dei:
Eirik Søfteland og Nadya Khamitskaya skal danse samba til "Crazy in Love" frå Beyoncé.
Pål Anders Ullevålsæter og Anette Stokke skal danse rumba til "Just Give Me A Reason" frå Pink.
Kim-Daniel Sannes og Elena Bokoreva Wiulsrud dansar slowfox til "I'm Yours" frå Jason Mraz.
Kathrine Sørland og Tom Erik Nilsen dansar Cha cha til "Only Girl" frå Rihanna.
Eli Hagen og Bjørn Wettre Holthe dansar slowfox til "Gracy Kelly" frå MIKA.
Venke Knutson og Egor Filipenko dansar quickstep til "Valerie" frå Amy Winehouse.
Gruppedans kjendismenn mot kjendiskvinner
Kim-Daniel, Eirik og Pål med partnarar dansar jive til låten "Hey Ya!" frå Outkast.
Eli, Venke og Kathrine med partnarar dansar jive til låten "Rehab" frå Amy Winehouse.