Næringsliv | 07. mars 2016

iSushi opnar i april

Restauranten er nesten ferdig. Her kan du sjå korleis han blir innreia.

iSushi opnar i april
Roger Johannessen i restauranten før helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. mars 2016 21:55

Bildeserie:

I førre veke blei alle vindauga skifta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I førre veke blei alle vindauga skifta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sånn skal restauranten bli. Uterestauranten er førebels ikkje omsøkt. (Skisse: Roger Johannessen/iSushi)
Sånn skal restauranten bli. Uterestauranten er førebels ikkje omsøkt. (Skisse: Roger Johannessen/iSushi)
Innandørs byrjar det òg å ta form. (Foto: KVB)
Innandørs byrjar det òg å ta form. (Foto: KVB)
Den gamle safen har blitt kjøkken. (Foto: KVB)
Den gamle safen har blitt kjøkken. (Foto: KVB)
Her manglar berre skiljeveggane. (Foto: KVB)
Her manglar berre skiljeveggane. (Foto: KVB)
Gründeren har byggmeister-bakgrunn og har laga planteikningane sjølv.
Gründeren har byggmeister-bakgrunn og har laga planteikningane sjølv.
Her skal sushikokkane jobba. (Foto: KVB)
Her skal sushikokkane jobba. (Foto: KVB)
I denne avdelinga blir det lounge og shuffleboard. (Foto: KVB)
I denne avdelinga blir det lounge og shuffleboard. (Foto: KVB)
Hovuddelen er restauranten. (Skisse: Roger Johannessen/iSushi)
Hovuddelen er restauranten. (Skisse: Roger Johannessen/iSushi)
Opninga er rett over påske og vinterferie. (Skisse: Roger Johannessen/iSushi)
Opninga er rett over påske og vinterferie. (Skisse: Roger Johannessen/iSushi)
1 av 10

Det har tatt tid og det har kosta pengar, men når isushi-gründer Roger Johannessen skal bygga flaggskip så gjer han det skikkeleg.

I mars i fjor innrømte han ambisjonar om å opna til sommaren same år, men andre restaurantar i kjeda kravde sitt og forbilde-prosjektet på Os måtte først venta, for så å bli noko meir krevjande enn venta.

I førre veke var det skifting av vindauge langs heile det tidlegare banklokalet, og innvendig ser det så og seia ferdig ut.

– Eg har sprengt budsjettet, 2 mill har blitt til 2,5 mill, men det viktigaste er at det blir slik eg vil ha det, seier Johannessen, før han viser oss rundt i restauranten som opnar onsdag 6. april.

Opna i Haugesund i helga

Han er opprinneleg byggmeister, men har eit brennande gründerhjarte og har blant anna starta Ablegøyer, leikelandet som var på Fanatorget, og sju andre som han seinare starta rundt om i Noreg.

Sushi-eventyret starta med at han sjølv var lei av å køyra frå Åsane til by’n for å kjøpa sushi til kona. Han slengte ut ein kommentar på Facebook, om ikkje det burde vera sushirestaurant i Åsane. Responsen var så stor at han tok tak i saka rimeleg raskt.

På opningsdagen hadde han 200 kundar. To år seinare var det iSushi både i Åsane, på Minde, i Fyllingsdalen, Nesttun, Sandviken (stengt i påvente av nytt lokale) og Sandsli.

– I helga opna den første iSushi på franchise, og eigar vil opna fleire langs kysten på Vestlandet sørover mot Kristiansand.

– Sjølv vil vi opna fleire rundt Bergen, men det er grenser for kor langt unna vi vil ha ansvar for drifta, så vi ser for oss å veksa innan franchise. Derfor søkjer vi både etter administrerande direktør for kjeda og ein eigen franchisedirektør.

– Kjem det fleire iSushi i bergensområdet i tida som kjem?

– Vi håper å få til noko på Sotra og på Knarvik, avslører han.

Eit kjøkken som er safe

Onsdag 6. april opnar den nybygde restauranten ved Osbrua og Hatvikvegen, med utsikt over Os hamn.

Safen i det tidlegare Nordea-bygget har blitt eit stort og godt utrusta kjøkken.

– Dette er faktisk den tredje tidlegare Nordea-banken vi bygger restaurant i. Det har blitt rikeleg med betong å skjera i.

Ved sidan av baren er eige sushi-kjøkken, også det med god plass.

– Her kjem kokkane mine til å bli nøgde, seier Roger.

Han aukar frå 70 til 82 tilsette i dei eigeneigde restaurantane når Os opnar. Alle dei tilsette er på plass.

Kjøt, fisk og shuffleboard

– Sushi handlar om mykje meir enn rå fisk. Eg var sjølv ein skeptikar, og i tillegg til sushirettar med behandla kjøt og fisk kjem vi til å ha blant anna biff og spareribs på menyen.

– Vi ønskjer at dette skal bli ein plass for heile familien.

Restauranten får òg ein eigen lounge med shuffleboard, skilt frå resten av restauranten med ein vegg.

– Vi har òg eit mål om å få til ein uterestaurant, men eg har ikkje villa plaga kommunen med for mykje papirarbeid på éin gong. Der vil nok også vegvesenet uttala seg, seier Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.