Sport | 09. jan. 2016

Isglede på alle vatn

Bildeserie: Det yra av liv på mest alle vatn i Os laurdag. Store og små hadde fått på seg skøytene.

Isglede på alle vatn
Mykje folk på Banktjørna (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 09. jan. 2016 14:48

Bildeserie:

Banktjørna (foto: AH)
Banktjørna (foto: AH)
Banktjørna (foto: AH)
Banktjørna (foto: AH)
Lekvenvatnet (foto: AH)
Lekvenvatnet (foto: AH)
Lekvenvatnet (foto: AH)
Lekvenvatnet (foto: AH)
Ulvenvatnet (foto: AH)
Ulvenvatnet (foto: AH)
Ulvenvatnet (foto: AH)
Ulvenvatnet (foto: AH)
Ulvenvatnet (foto: AH)
Ulvenvatnet (foto: AH)
Ulvenvatnet (foto: AH)
Ulvenvatnet (foto: AH)
Brannvesenet og Jadakameratene gjorde eit siste forsøk på å islegga grusbanen i sentrum (foto: AH)
Brannvesenet og Jadakameratene gjorde eit siste forsøk på å islegga grusbanen i sentrum (foto: AH)
1 av 9

Medan Sverre Lunde Pedersen måtte kaste inn handkleet i EM i Minsk grunna sjukdom, snørte sambygdingane skøytene på seg for å nyte to-tre kuldegrader og blank stålis.

Overalt var det eit yrande liv. Skal ein dømme etter aktiviteten på Os - kjøp, salg og bytte på facebook er det mange som har fått seg "nye" skøyter til helga.

– Det er fantastisk å sjå den aktiviteten som har vore dei siste dagane med sal og kjøp av skøyter. Sjølv har eg seld tre og kjøpt to. Det er godt å sjå at det går ann med gjenbruk, smilte ei på Ulvenvatnet.

Ta omsyn

Både på Ulvenvatnet, Lekvenvatnet og Banktjørna sto det mange bilar parkert. Dei fleste på ein slik måte at dei ikkje hindra trafikken. Størst var nok utfordringa for kjøpmenna på Rema 1000 i Idrettsvegen, som ei periode knapt hadde parkeringsplassar igjen til kundene.

Ikkje unaturleg kom det difor opp eit skilt med oppmoding om å bruka parkeringa borte ved Os barnehage.

Gjorde eit siste forsøk

På grusbanen ved Os ungdomsskule gjorde Christoffer Kobbeltvedt med god hjelp av brannvesenet eit siste forsøk på å laga skøyteis i sentrum.

– Vi har gjort eit nytt forsøk på å få til ei sperring som gjer at ikkje alt vatnet renn ned mot Landboden, forklarte Kobbeltvedt.

To runder kom den nye tankbilen til brannvesenet med til saman 21 000 liter vatn.

– Vi er veldig takknemlege for at brannvesenet stiller opp på denne måten. Diverre får vi ikkje ei speilblank isflate som på dei naturlege vatna, men litt is har det no blitt, konkluderar Kobbeltvedt.

Utfordringa med at banen heller så mykje ned mot Landboden gjer at det nok må eit litt større arbeid med ein mur om grusbanen skal bli islagt dei kommande åra, men om politikarane vil syner testen frå Jadakameratene at det er fullt mogleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.