IPA-kveld med Tarjei
Oseana vil gjera meir ut av ølfestivalen. – 28. april blir det ølskule med vår eigen øl-entusiast Tarjei Skeie, seier Janne Mari Hjelle.
I juni arrangerer Oseana ølfestival for andre gong med smaksprøver frå ei rekkje ulike mikrobyggerier, bryggekonkurranse for heimebryggarar og underhaldning av ulikt slag.
– Interessa for ølfestivalen er stor. I fjor var det ni bryggeri representert. Allereie ser det ut til at det blir enno fleire i år, fortel Janne Marie Hjelle då ho, saman med Roald Mjelstad i restauranten og hovuddommar Tarjei Skeie inviterer til pressetreff for å lansere siste skot på øl-stamma.
"Tarjeis ølskule"
Nyvinninga er ølskule med Tarjei Skeie, som er godkjent dommar frå heimebryggeriforeninga Norbrygg og mangeårig øl-hund.
– Eg kjem til å konsentrera meg om berre ein type øl, nemleg den myteomspunnende Indian Pale Ale, eller IPA som typen kanskje er betre kjend som.
– Det er mange myter omkring denne engelske øltypen, som kanskje var starten på den moderne ølrevolusjonen etter at amerikanske mikrobryggerier tok til å vidareutvikla den på 80-talet. Før det var den eigentleg ganske kastrert som ein 3%-letthumla ale, forklarar Skeie.
Er dei like?
Skeie fortel at han i tillegg til å snakka om historien og tilvirkninga av IPA kjem til å komma inn på korleis brygge godt øl, kva typer malt, humle og andre ingredienser ein bør nytta.
– Det blir eigentleg ganske spennande. Roald tek inn sju IPAer frå forskjellige bryggerier. Av dei lokale er sjølvsagt både Lysefjorden, 7-Fjell og Kinn representert. Desse skal vi smaka på og samenlikne slik at vi kan sjå kor stort spennet faktisk kan vera i eit øl som i utgangspunktet er det same.
– Eg har drukke alle før, men aldri samenlikna dei opp mot kvarandre. Det gler eg meg til, seier Skeie før han legg til at det berre er 25-30 plassar på skulen som blir i restauranten i Oseana.
Har jakta lokalmat
Sjølv om kanskje ikkje er ein like stor øl-entusiast som Skeie trur Janne Mari Hjelle at arrangementet kan passe for dei fleste.
– Det er jo det vi håper på, at også dei som berre er litt nyskjerrige finn at dei har lyst å ta turen, seier Hjelle.
– I tillegg til øl blir det sjølvsagt mat. Vi har jakta etter lokale oster, spekemat og småretter som kan stå godt til, eller kanskje som kræsjar fullstendigmed dei ulike øla, supplerer Roald Mjelstad.
– Håpet er at vi det skal bli såpass populært at vi kan ha ulike arrangement knytt til øl gjennom heile året, ikkje berre opp mot ølfestivalen.
Populære kurs og konkurransar
At det er stor interesse for heimebrygging og øl vitnar påmeldinga til bryggekurset Oseana skipar til i midten av april.
– Allereie har vi fleire påmeldte til kurset med Birger Storaas frå Vestbrygg. I fjor blei det fullteikna, så eg reknar med at det det kjem til å bli det i år òg, men det er avgrensa tal på plassene så ein bør ikkje venta for lenge, påpeiker Hjelle.
Les òg: Skal læra osingane å laga øl
Også i bryggekonkurransen har dei første påmeldingane kome inn.
– I fjor hadde vi vel 40 brygg fordelt på 29 bryggarar som var med i konkurransen. Då hadde vi ein litt lausleg kategori med sommarøl som tema. Sommarøl blir temaet i år òg, men no følgjer vi Norbrygg sine kategoriar og kriteriar. Det blir tre hovudklasser - lys ale, lys lager og kveiteøl. Fordelen med å nytte desse er at det blir enklare å gje tilbakemeldingar til deltakarane etter kjente og gitte kriteriar, forklarar hovuddommar Skeie.
Les òg: No er det berre å setta ølet