Inviterte til dugnad - 140 stilte opp
– Privatpersonar, firma og andre idrettslag meldte seg, vi opplever at heile bygda støttar oss.
Laurdag morgon blei fleire bygg på Skeie råka av svært lokale, kraftige vindkast, av fleire vitne skildra som ei skypumpe.
Nore Neset idrettslag blei hardt ramma, med skade på både klubbhus og bane.
– Forsikringsselskapet sendte ein mann opp på ettermiddagen. Dei sjekka taket med lift og var inne i alle rom. Det har heldigvis ikkje kome vatn inn i 2. etasje, seier dagleg leiar Eirik André Hesthamar.
Skadane blei fotgraferte og dokumenterte, taket blei dekka med presenning.
– Samtidig ba vi om løyve til å rydda, så ikkje dyr, ungar eller andre blir skadde av materialane som ligg slengt. Det fekk vi lov til.
Dermed blei det invitert til dugnad. Vêret var vått i dag òg, men responsen var overveldande.
– I går gjekk eg i kjellaren, i dag er eg audmjuk og glad, seier Hesthamar.
Rundt 140 personar møtte fram.
– Mange enkeltpersonar stilte, nokre representantar for ulike firma møtte med både utstyr og mannskap.
Ask Transport leverte konteinarar på strak arm allereie laurdag kveld, Lekven Entreprenør tok med seg tilsette på dugnad og hadde utstyr og tilsette med seg.
– Fleire idrettslag, som Øyglimt, Lysekloster, Søre Neset og Os, har tatt kontakt og tilbydd treningstid. Det er som om både krinsen her ute og resten av bygda prøver å hjelpa.
Takstmann skal koma måndag.
Samtidig blir det jobba med fordeling av treningstider. I morgon skal òg fotballkretsen kontaktast, for planlegging av kor dei neste kampane skal spelast.
– Blei det funne noko uventa i løpet av dugnaden?
– Eg fekk hint om det i går, eit 11-armål som var heile hundre meter frå banen. Det blei henta tilbake i dag.