Lokal | 16. mars 2020

Inviterer næringslivet til (digitalt) møte

Næringssjefen driv kartlegging, næringsrådet vil organisera møte og kurs over nett.

Inviterer næringslivet til (digitalt) møte
Synnøve Reksten Mowinckel. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. mars 2020 15:17

Nytilsett dagleg leiar i Bjørnafjorden Næringsråd, Synnøve Reksten Mowinckel, seier i ein epost til næringsdrivande i Bjørnafjorden at ho skulle ønskt å bli kjent med medlemmane i næringsrådet på eit anna vis, men at ho no jobbar tett med kommunen for aktivt å hjelpa det private næringslivet i kommunen - digitalt - i samband med koronaviruset.

– Det er viktigare enn nokosinne å stilla opp for kvarandre og sjå etter nye løysingar! skriv ho, og inviterer til møte.

– Vi jobbar med å få ei digital plattform på plass, så vi kan organisera digitale møte og kurs for å hjelpa kvarandre.

Ambisjonen er å ha første virtuelle møte førstkomande fredag. Tema blir bemanning og rettar i samband med støtteordningar frå regjeringa.

Næringssjefen i kommunen, Elin Bryn Thorsen, har sendt ut epost der ho ber næringsdrivande svara på ei undersøking.

– Det er fleire bedrifter som har permittert tilsette, og fleire som no står i fare for å måtta permittera. På den andre sida er det fleire som har eit stort bemanningsbehov, skriv Thorsen, og håper mange svarer på undersøkinga dei har fått tilsendt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.