Internasjonale eldre
Den internasjonale eldredagen, 1. oktober, blei feira på internasjonalt vis i Os eldresenter tysdag.
- Eg trur vi er førstemann ut med å feira den internasjonale eldredagen med internasjonal mat, seier Olav Djuve, leiar for Eldrerådet.
Os Pensjonistforening samarbeida med Os frivilligsentral som fekk med seg kokkar frå fleire land. Pensjonistane kunne smaka på rettar frå Thailand, Kurdistan, Somaila, Irak, Namibia, Spania og Hellas.
Tove Hille frå Os frivilligsentral fortel at dei har jobba i fem dagar med å få all maten på plass.
- Vi har vore overalt for å handla inn ingrediensar, kjørt ut varer og i dag starta vi klokka sju med å hente dei forskjellige rettane.
Nytt tilbod
Ordførar Terje Søviknes var, tradisjonen tru, på plass for å feira dei eldre.
- Eg har alltid to faste ting i kalenderen min 1. oktober, eldredagen og starten på hummarfiske, fortel han.
Søviknes letta òg litt på sløret og fortalte om eit kommande nytt tilbod i kommunen.
- Vi har eit nytt konsept på gang knytta til Oseana som er ei av dei nye storsatsingane i haust og retta mot dei eldre, men meir kan eg ikkje fortelja no.
"Kulturarv"
Tema for eldredagen var " Kultur i eit internasjonalt perspektiv" og som foredragshaldar hadde dei fått Inger-Lise Skarstein. Skarstein er kjent som den første TV-vertinna i NRK, har vore på Stortinget og har blitt tildelt Kongens fortjenestemedalje i gull for si innsats for friluftsliv, naturvern og kultur gjennom engasjementet i frivillige organisasjonar og i politisk arbeid.
Ho heldt foredraget "Kulturarv" der ho fortalde om fleire norske kulturskattar som har henta si si inspirasjon frå andre kulturar. Både rosemåling, bunaden og byggteknikkar har på ulike måtar blitt inspirert frå andre land og blitt "fornorska".
- Eg syns det er flott gjort at dåke gjer FN Internasjonale Eldredag til ein internasjonal dag, seier Skarstein.
- Er vi åpne og trygge i eigen kultur så finn ein alltid inspirasjon i andre kulturar.