– Interessa har vore god
Karin Leganger har bestemt seg for å selja det 500 kvadratmeter store næringsbygget i Os sentrum.
Før jul flytta Gjensidige ut av Leganger-hjørnet, lokalet som i 20 år husa dameklede-butikken med same namn.
– Vi annonserte etter leigetakarar, og interessa var god.
– Eg hadde også folk som ville leiga alle dei tre etasjane, men no har eg bestemt meg for å selja, seier eigar, Karin Leganger.
Vaks opp på tomta
Karin vaks opp i huset som sto fram til nybygget blei reist i 1987.
I huset var det både kafé og butikk, og Karin overtok butikken Presanghjørnet etter mora.
– Eg trur det gamle huset var bygd i 1921. Då vi bygde nytt i 87' endra eg namn på butikken til Leganger.
Den dreiv ho i nesten 20 år, med butikk i to etasjar og kontor i tredje. Men så la ho ned og leigde ut, i hovudsak på gateplan til Gjensidige.
– Vil heller ha fri
Leganger-hjørnet er eit av dei nyare bygga i Os sentrum, og ligg fint til med god eksponering mot Byvegen.
– Bygningen har ei grunnflate på 200 kvadratmeter. Andre etasje er litt større, sidan den heng litt ut over fortauet, og tredje etasje er ein del mindre.
Huseigar ventar no på takst, men reknar med å legga ut eigedomen for sal i løpet av ein månad eller to.
– Sjølv om det var fleire som ville leiga så bestemte eg meg for å selja. Eg har ingen i familien som har interesse for å overta, og det å vera huseigar kostar også tid. Eg vil heller ha fri, seier Karin Leganger.