Lokal | 13. aug. 2013

Inspirert av Vestlandet

I samband med opninga av Kystsogedagane i Os 17. august blir det vernissasje på Vedholmen Galleri.

Inspirert av Vestlandet
Kunstnar Johannes Kretschmer er blant kunstnarane som stiller ut bilder på Vedholmen Galleri laurdag.
Kari M. Lyssandtysdag 13. aug. 2013 14:01

- Vi får eit herlig gjensyn med malaren Johannes Kretschmer, fortel Vibeke Harild på Vedholmen galleri.

Frå Tyskland til Tysnes

Kretschmer, som opprinneleg er frå Tyskland, har sidan 2007 vore busett på Tysnes. På utstillinga viser han fram bilde inspirert av Vestlandet.

- Etter fleire år på Tysnes er båtar eit motiv han framleis likar å bruka, både i abstrakte og meir naturrealistiske variasjonar, seier Harild.

Det er ikkje berre Kretschmer som stiller ut på vernissagen. Keramikar Trine Hovden frå Bergen stiller ut relieff bilder i keramikk med blant anna fotooverført dekor.

- Hovden er av den yngre generasjonen keramikarar, men har allereie utmerka seg utanlands med utstillingar i Frankrike, Korea, USA, Tyskland og Danmark.

Kunstnarskap på høgaste nivå

Harild ser også fram til at kunstnaren Jack D. Raddatz kjem og viser skulpturar i mixed media til denne utstillinga.

Raddatz, som dei siste åra har pendla mellom Bergen og USA, har eit personleg men universelt uttrykk og arbeidar med dei fleste materialar.

- Han har ei stor karriere bak seg med fleire prisar og utmerkelsar og vi gler oss til å visa fram eit kunstnarskap på høgaste nivå.

Til opninga vil det lokale gitartalentet Hans Marius Johnsen underhalda publikum med musikalske tonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.