Inntar Os til helga
Forsvaret si storøving med 3200 soldatar starta på Vestlandet i dag. – Osingane vil ikkje merka noko særleg før søndag, når hæren kjem til Ulven, seier oberstløytnant Vegard Finberg.
Måndag tok forsvaret si store samordningsøving til i ytre Hordaland. Totalt 3 200 soldatar, jagarfly, helikopter, stridsvogner og fregattar frå alle forsvarsgreinene skal øva saman i det som blir den største militære øvinga i Hordaland sidan øving Bjørgvin i 1987.
– Osingane vil ikkje merke så mykje av øvinga no i starten.
– Noko aktivitet på fjorden kan det verta all den tid Haakonsvern ligg der den ligg, men den aktiviteten vil vera omtrent som ellers på året, fortel oberstløytnant Vegard Finberg ved Forsvarets Operative Hovedkvarter.
Kjem til Os sundag
Sundag 17. november vil osingane kunne merka meir av øvinga.
– Det vil bli eindel transport til Ulven når hæren legg til kai og materiell skal fraktast til Ulven.
– Eitt og anna helikopter vil nok kunne merkast, fortel Finberg.
I tillegg til soldatar frå hæren vil også heimevernet vera til stades på Ulven.
– Noko skyteaktivitet og signaturen frå helikoptre og pansrakøyretøy vil nok kunne hørast.
– I Bjørnefjorden vil det ikkje bli særskilt aktivitet, anna enn moglegens noko øvingar frå minedykkarane, seier presseoffiseren.
Krevjande natur
Forsvarets operative hovedkvarter (FOH) har ansvaret for øvinga, og oberstløytnant Finberg fortel at Hordaland har mange menneske, viktig industri og infrastruktur. I tillegg speler naturen ei viktig rolle i øvinga.
– Høge fjell, djupe dalar og mange fjordar er utfordrande for oss. Men for at Forsvaret skal klare å løyse oppgåvene Stortinget har gitt oss, må vi trene i slike omgivnader.
Uvand for Hæren
Øvinga blir ekstra spesiell for Hæren, som dreg ut frå sine kjerneområde i Troms og indre Austlandet. Hæren stiller med over 200 køyretøy og 2 000 soldatar frå Brigade Nord, hovudsakleg frå Troms og Østerdalen.
Pressetalsmann i Hæren, oberstløytnant Terje Bruøygard, seier det viktig at å vise at ein moderne hær har kompetent personell og tidsriktig materiell. Menneskelege eigenskapar som å leie og å ta avgjerder skal også testast.
– Vi har lang erfaring med leiing av norske styrkar i internasjonale operasjonar, til dømes i Afghanistan. Men Hordaland gir oss heilt nye utfordringar når det kjem til forflytting, kommunikasjon, samhandling og utnytting av våre kapasitetar, seier Bruøygard.