Lokal | 19. feb. 2014
Innrømte bruk
Ein mann blei i går tatt inn til avhøyr etter ransaking på Søfteland.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. feb. 2014 09:07
Måndag fann politiet hasj under ei ransaking i Os, tysdag var dei på ransaking på Søfteland, også denne gong på jakt etter narkotika.
– Det blei ikkje funne narkotika på adressa, men vi fann noko brukarutstyr, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.
Ein mann i 30-åra blei tatt med til avhøyr. Vedkomande erkjente bruk og vedtok forelegg.