– Innovasjon Norge må forenklast
Dette var eit av dei viktigaste bodskapa gründerane i Aqua Circle gav då stortingsrepresentant Erik Skutle besøkte verksemda.
Aqua Circle har utvikla automatiske fôringsautomatar for rensefisk, som leppefisk og rognkjeks, og er eit etter måten nytt tilskot i næringslivet i Os.
Fôringsautomatane har slått an i opprettsbransjen rundt om i heile Noreg.
Stadig utvikling
Verken dagleg leiar Tor Espen Skoglund eller utviklaren Jonny Møgster kvilar på laurbæra av den grunn. I januar leverte dei eit sentralforingsanlegg til Norsk Oppdrettservice AS i Flekkefjord.
– Vi har fått gode tilbakemeldingar frå kundane og vi veks jamt og trutt. Førebels held vi oss til den norske marknaden, men vi har fått førespurnader også frå utlandet. Vi held utlandet littegrann på vent, seier Skoglund.
Ringverknader
Aqua Circle si verksemd gjev også ringverknader rundt seg i næringslivet. Mellom anna er Os Asvo engasjerte i monteringsprosessen med fôringsautomatane.
– Vi er veldig godt nøgde med den jobben asvoen gjer for oss, og eg trur dei er glade for å vera med å skru ihop for oss.
I tillegg har naboverksemdene i Dalen framleis ein finger med i både utvikling og produksjon.
Gründerhjelp
Det blei mykje snakk om Innovasjon Norge under besøket.
– Det er tungrodd og arbeidskrevjande å søkja om middel frå Innovasjon Norge. Det er faktisk såpass komplisert at ikkje dei som jobbar der eingong har fullstendig roen på dette. Det må vera ein enklare måte å gjere dette på.
– Og når ein først har fått tilsagn om midlar er det ingen dans på roser då heller. Misforstå meg rett: det er heilt i orden med ein viss rapporteringsplikt, og at ein kan visa til kvar pengane er gått, men krava til dokumentasjon både i forkant og undervegs er vel heftige.
At Innovasjon Norge vart opplevd som såpass tungrodd såg ut til å forbløffa stortingsrepresentanten litt.
Buffer
Skoglund og Møgster er også klare på at den noverande bedriftsbeskatninga av nystarta verksemder på ingen måte legg til rette for vekst og utvikling.
– Det er uaktuelt å la det stå noko særleg overskot i firmaet ved årsskiftet. Då må vi berre betala ein heil masse skatt. Då er det faktisk betre med nokre halvdårlege og kanskje mindre gjennomtenkte investeringar på tampen av året. Men det vi ønskjer aller mest er å kunne byggja opp ein liten buffer, slik at ein har midlar til meir trengande og betre gjennomtenkte investeringar. Eit nystarta selskap i oppstartfasen vil alltid trenga kapital, men fordi beskatninga vert styrt av kalenderen, vert det heile litt hand- til- munn-prinsipp.
– Om vi som nystarta verksemd kunne hatt ein «skattefri» buffer ståande i selskapet på lat oss seia tre millionar kroner, dei første åra etter oppstart, så hadde vi hatt midlar til investering når vi trengte det i oppbygingsfasen. Då snakkar vi om gründerhjelp, avslutta Skoglund.