Innom Vedholmen før utstilling i Tokyo
To generasjonar, to kunstformer, to uttrykk, éi utstilling. Det er duka for anerkjende kunstnarar på Vedholmen.
– Det er med stor glede vi får visa to generasjoner og to forskjellige media utfalda seg saman i Vedholmen Galleri, seier gallerist Vibeke Harild.
– Dei to utstillarane har ikkje arbeidd saman, men etter at dei begge vart booka i haust ser det ut som dei har tenkt litt likt. Eg tykkjer i alle fall verka deira står veldig fint saman.
– Torgrim Wahl Sund er ein ung og talentfull kar frå Bergen, som reiser direkte vidare til Japan for utstilling i Kobe og Tokyo etter at han har vore her. Det er veldig spennande, for det er første utstillinga hans på Vedholmen.
Prisvinnande opningsstemning
Under opninga av utstillinga i morgon vert det også diska opp med musikk og enkel servering. Musikk er ved Astrid Bjelland frå Kongshaug Musikkgymnas.
Bjelland speler solofløyte og framfører tre små stykker. Ho har hevda seg på landsbasis og vunne både regionale og nasjonale prisar.
Anerkjend keramikar
Norvald Hemre har arbeidd 30 år som keramikar. Han har hausta stor nasjonal og internasjonal begeistring for sine arbeid. Dei strekk seg frå tradisjonelt kunsthandverk og organiske vasar til underfundige skulpturar.
Hemre har levert offentlege innkjøp og utsmykkingar, og vart i 2012 tildelt Statens garanti-inntekt for kunstnarar.
Ved denne utstillinga viser han vasar, skulpturar og heilt nye fat, med grafiske uttrykk av Jorunn Småland, som spelar på lag med Torgrim Wahl Sund sin grafikk og vise versa.
Ung og lovande
Torgrim Wahl Sund bur og jobbar i Bergen. Gjennom teikning, grafikk, maleri og installasjon utforskar han eksistensialistiske tema.
Wahl Sund har, etter at han tok mastergrad ved Kunsthøgskolen i Bergen, mellom anna stilt ut verka sine ved House of Foundation (Moss), Kreutzberg Pavillion (Berlin), NOoSphere (New York) og Smith & Jones (New York).
I 2014 mottok Wahl Sund the Merit Prize under den internasjonale grafikkbiennalen i Taiwan.
Ved hans første utstilling i Vedholmen Galleri, viser han arbeid i kol og grafikk.