Innom Os
Kongeskipet segla inn Lysefjorden i går.
KS «Norge» segla inn Lysefjorden torsdag og ankra opp mellom Novo og Brattholmen.
– Dronninga er observert ombord, og det er vel stor sjanse for at eit besøk på Lysøen står på programmet fredag, skriv Chris Robert Sperrevik i ein epost til Midtsiden.no.
Hennar Majestet Dronninga fylte 75 år 4. juli. Midtsiden fann torsdag kveld ikkje segleplanen for Kongeskipet eller stadfesting av at dronninga er om bord.
- Eg kan verken avkrefta eller stadfesta om dronninga er ombord, seier politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.
Ifølgje Slottet har ikkje dronninga offisielle oppdrag før ho 10. august skal foreta den offisielle opninga av kyststiane på Vannøya i Karlsøy kommune.
Kongeskipet Norge
KS «Norge», som er designa av Sir Thomas Sopwith og sjøsett som «Philante» i 1937, blei i 1948 gjeve i folkegåve til Kong Haakon i 1948.
Skipet er Kongens eigedom, men blir drive av mannskap frå Sjøforsvaret. Skipet blir primært nytta i sommerhalvåret.
Fakta om Kongeskipet:
Lengde: 80,2 meter
Breidde: 11,6 meter
Djupne: 4,7 meter
Bruttotonnasje: 1628 tonn
Maskineri: To Bergen Diesel, kvar på 1760 hk
Maksimumsfart: 16 knop
Marsjfart: 14 knop
Rekkevidde: 6500 nautiske mil
Mannskap: 18 befal og 36 vernepliktige
Heimehamn: Oslo
Kallesignal: LAMA
Klasse: 1A1 Yacht
Bygd av Camper & Nicholsons Ltd., Gosport, England i 1937.