Lokal | 03. jan. 2021

Innfører raudt nivå på ungdomsskulane

Bjørnafjorden kommune rettar seg etter dei nasjonale smitteverntiltaka.

Innfører raudt nivå på ungdomsskulane
Bjørnafjorden rådhus supplert med flagg 1. januar i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. jan. 2021 21:48

På ein pressekonferanse som starta klokka 18 i kveld kom regjeringa med nye smitteverntiltak.

No fortel Bjørnafjorden kommune at dei følgjer dei nasjonale tiltaka.

– Vi anbefaler at oppstart av all organisert fritidsaktivitet, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livsynssamlingar innandørs, også for barn og unge, blir utsett til etter 18. januar, seier ordførar Trine Lindborg i ei pressemelding.

Samtidig innfører dei raudt nivå for smittevern på ungdomsskulane og vidaregåande skule.

Skulane vil sjølv senda ut informasjon om korleis dei praktisk vil gjennomføra dette.

Ifølgje opprinneleg skulerute er det uansett elevfri dag i morgon, måndag 4. januar, for ungdomsskulane.

Vidaregåande skular i Vestland har heimeskule i minst éin dag.

Raudt nivå betyr at elevane blir delte inn i mindre grupper, helst med faste klasserom.

Alle punkt for raudt nivå (for ungdomsskular):

  • Ingen syke skal møte på skolen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personer (håndhilsning og klemming)
  • Dele elever inn i mindre kohorter
  • Kohortene bør ha faste klasserom
  • Ansatte bør komme til klasserommet
  • Tilstrebe 1 meters avstand mellom elever/ansatte
  • Unngå trengsel og store samlinger
  • Holde avstand i pauser/friminutt og unngå kontakt mellom ulike kohorter
  • Vurdere alternerende oppmøtetider for elever

Kjelde: udir.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.