Lokal | 19. des. 2016

Innefotball på høgt nivå

Frå gutespelar til veteran, fleire med fartstid frå høgt nivå både innandørs og ute, var i helga i sving i Os Futsal Elitecup.

Innefotball på høgt nivå
Team BESØ i steget. Vinnarane frå i fjor fekk nokre jamne kampar, men forsvarte tittelen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. des. 2016 09:54

Bildeserie:

Wold, Håland, Brenne og Kvile klare for cupstart.
Wold, Håland, Brenne og Kvile klare for cupstart.
98 og 99-årgangen i kamp mot 00 og 01.
98 og 99-årgangen i kamp mot 00 og 01.
Kroppskontakt skal det ikkje vera mykje av i futsal.
Kroppskontakt skal det ikkje vera mykje av i futsal.
Cupens første gule blei delt ut med eit smil.
Cupens første gule blei delt ut med eit smil.
00-gjengen utlikna på straffe før slutt.
00-gjengen utlikna på straffe før slutt.
Team BESØ mot Andersbjarne.
Team BESØ mot Andersbjarne.
Sunday League mot Dusjkameratene.
Sunday League mot Dusjkameratene.
Boca Juniors forsvarte seg godt mot Ivory Toast.
Boca Juniors forsvarte seg godt mot Ivory Toast.
Karl Kvile blei pressa hardt av «eleven» sin, Vegard Hjelle.
Karl Kvile blei pressa hardt av «eleven» sin, Vegard Hjelle.
Så kom Håland inn og gav Boca 1-0-leiing.
Så kom Håland inn og gav Boca 1-0-leiing.
Team BESØ vann finalen.
Team BESØ vann finalen.
Sunday League Football tok 2. plassen etter 3-2-tap for tittelforsvararane.
Sunday League Football tok 2. plassen etter 3-2-tap for tittelforsvararane.
1 av 12

Dagleg leiar i Os Fotball, A-lagsspelar Endre Brenne, har også i år arrangert turnering i innandørsfotball (futsal) i Oshallen.

– Vi blei berre 9 lag i år, det optimale ville vore 16, seier Brenne.

Dei fleste laga besto av lokale spelarar, venegjengar i ulike årstrinn, frå 15 år og oppover i alder. Spelarar på Os, Varegg og Åsane var blant deltakarane.

Jamn og god turnering

Han har sjølv fartstid for Boca Juniors, eit futsal-lag som «vann alt» av cupar ein periode, og hadde både osingar og tilreisande kameratar på laget sitt. Også sportssjef Jan Frode Skeie og Os 2-trenar Karl Kvile stilte opp for Brenne og brynte seg på ungdomen.

– Det blei ei betre gjennomføring enn i fjor. Dei fleste kampane blei jamne og med Frode Wold som dommar blei det heile leia på ein stødig måte.

Kampane varte i 13 minutt utan pause, mot 2 x 20 minutt i vanleg serie. Les meir om futsal på Wikipedia.

Forsvarte tittelen

Dei ni laga blei delte i to puljer, der dei to beste i kvar pulje gjekk til semifinale.

Boca Juniors tapte semifinalen mot Sunday League Football, mens tittelforsvarar Team BESØ slo Ivory Toast i sin semifinale.

BESØ, som blant anna består av Frode Øye og Kjetil Hansen frå Os, vann finalen 3-2 over Stian Lunde og kameratane på Sunday League Football.

– Vi kjem nok til å gjera dette fleire gongar. Futsal er både gode trening og kjekt å halda på med, seier Endre etter den spreke sistesøndagen i advent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.