Lokal | 10. apr. 2013

Innbrot og arbeidsuhell

Politiet: Innbrot i Kuhnlevegen, arbeidsuhell med spikerpistol, trafikk-kontroll og folk på Tøsdalsvatnet.

Innbrot og arbeidsuhell
Politiet hadde ei rekkje oppdrag dei måtte ta seg av i løpet av tysdagen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 10. apr. 2013 09:45

Politiet er i morgontimene onsdag på veg til åstadsundersøking etter eit innbrot i eit hus i Kuhnlevegen.

– Vi har førebels ikkje så mange opplysningar å kome med, men innbrotet har truleg skjedd i perioda fredag til i går kveld.

– Om det er nokon som har observasjonar frå dette tidsrommet er vi sjølvsagt interessert i å få desse, seier politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

Lensmannskontoret når du på 56 30 39 00.

Skada med spikerpistol

Måndag skada ein person seg sjølv etter eit arbeidsuhell med ein spikerpistol i Gymnasvegen.

– Vi var, saman med arbeidstilsynet på åstadsundersøkingar i går.

– Blei vedkommande alvorleg skadd?

– Det seier ikkje loggen noko om, men sidan det var personskade blir det oppretta sak og følgt opp vidare, forklarar Sperrevik.

32 kontrollert i 40-sona

Tysdag kveld kontrollerte patrulja trafikken i 40 km/t-sona ved Søfteland skule.

– 32 bilar/førarar blei kontrollert. Det var ikkje grunnlag for nokre reaksjonar.

– Det var det derimot i høve ein bil, som var meir eller mindre eit vrak, i Kuvågen.

– Den var det begjæring på, så den blei avskilta. Vi kjem til å kontakta bileigar, seier politioverbetjenten.

Gjekk på isen

Ein mann og ei kvinne blei tysdag ettermiddag observert på isen på Tøsdalsvatnet.

– Vi var først oppe der ein gong, men traff ikkje på dei.

– Litt seinare kom meldinga på nytt om at dei igjen var ute på isen. Denne gongen lukkast det patrulja å få kontakt med dei.

– Vi tok ein prat med dei og forklarte dei faren ved å gå på isen på denne tida av året, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.