Innbrot i bustad på Søfteland
Eit hus på Søfteland har i løpet av helga blitt utsett for innbrot. Fleire smykke er sakna etter innbrotet.
Ein innbyggar frå Søfteland fortel søndag kveld, via Facebook, at ein av naboane har blitt utsett for innbrot.
Dette blir stadfesta av politiet.
– Vi fekk melding om innbrot i Haugane klokka 16.33, seier Kjersti Eidsnes, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
– Huseigar hadde vore på reise frå fredag til i dag. Det kan sjå ut som om ein stige er brukt for så å ta seg inn via eit vindauge.
Ein patrulje rykte ut og har sikra spor. Det er førebels ingen mistenkte i saka.
Innbrot i Fana òg
– Har det vore fleire innbrot i området denne helga?
– Ikkje i Os, men vi har fått melding om innbrot på Søråshøgda no i dag. Der har nokon tatt seg inn ved å bryta opp inngangsdøra.
Eidsnes kjenner ikkje til om bustadane hadde alarm.
Det har vore minst fem innbrot i Os tidlegare i år, også då i hus som har stått tomme mens innbrotet har skjedd.