Kultur | 23. mai 2024

Inkluderingskoret fekk 50.000 kroner i støtte

Gjer det mogleg å halda fram med arbeidet.

Inkluderingskoret fekk 50.000 kroner i støtte
Marita Hjelle og Myrna Braza er takksam for støtta til koret. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 23. mai 2024 19:15

Tysdag fekk KORforALLE seg ei hyggelig overrasking.

Sparebanken Vest Lagunen støttar nemleg inkluderingkoret med 50.000 kroner.

Myrna Braza delte nyleg gladmeldinga på Facebook.

– Støtta gjer det mogleg for oss å halda fram med arbeidet vårt for inkludering og mangfald gjennom koret.

– Vi gler oss til kvar einaste øving!

Marita Hjelle fortel at inkluderingskoret no har rundt 30 medlemmer frå fem ulike nasjonar.

– På det meste har vi vore oppe i sju ulike nasjonar.

Eit av tilbuda koret har, er barnevaktordninga.

– Vi har ein fantastisk gjeng som er barnevakt for dei som treng det. Barna får kvelds, og dei leiker eller gjer lekser mens dei vaksne syng, fortel Hjelle.

Koret øver og planlegg fram mot konsert, men har enno ikkje landa på nokon stad eller dato.

– Vi er veldig takksame for dei medlemmene vi har, og ønskjer samtidig nye songarar velkomne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.