Sport | 12. nov. 2013

Ingenting fungerte

Ein svak førsteomgang kor ingenting fungerte øydela for handballherrene til Os då dei møtte Årstad måndag kveld.

Ingenting fungerte
Torbjørn Hjelle får godkjent av Nøkleby (foto: Wim Hetland)
Andris Hamretysdag 12. nov. 2013 09:24

Seint måndag kveld møtte Os Årstad til eit vanskeleg borteoppgjer i Haukelandshallen. Førsteomgang blei eit mareritt for osgutane.

– Vi er ikkje på frå starten av i det heile tatt.

– Ingenting fungerar, forsvaret lekk som ein sil og vi har lite trøkk framover, forklarar Joachim Nøkleby.

Saknar spelarar

Nøkleby forklarar situasjonen med at fleire spelarar var ute frå kampen.

– Ove Lyssand er skada i ryggen, Einar Godø har røke eit korsband og Jørgen Wold var vekke på kurs.

– Vi er ein så liten tropp at vi merkar fort når spelarar er vekke.

– I tillegg mangla vi Jesper Svensson, som òg var sjuk, på benken. Eg trur det òg var med på å påverka oss, seier Nøkleby ærleg.

Kom seg i 2. omgangen

Etter ein alvorsprat i pausen, kom innsatsen seg i andre omgangen.

– Vi jobbar oss inn i kampen og er oppe i fire mål bak, men i staden for å gira enno meir opp, slepp vi oss litt ned og Årstad kan kontrollera inn.

– To som får godkjent mot Årstad er Isak Røen og Torbjørn Hjelle. Vi andre må berre ta oss saman, avsluttar Joakim Nøkleby.

Årstad-Os 28-21 (16-8)
Utv: Årstad 2x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Hans Brunvatne, Trygve Lerch Dahl (7), Joachim Nøkleby (1), Øystein Skarding (1), Nils Andris Hamre, Frode Vindenes (1), Fredrik Andresen, Isak Røen (2), Torbjørn Hjelle (4), Andreas Sennesvik, Joakim Blostrupmoen 4)

Os står etter tapet mot Årstad med fire sigrar og fire tap på ein sjette plass. Neste kamp er borte mot Viking 2 i Slåtthaughallen 1. desember.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.