Ingen stenging likevel?
I februar gjekk sportsbutikken Rosvold konkurs. I juli er det framleis full sving i lokalet. – Vi held fram så lenge handelen er god, seier ny leigetakar, som har starta outlet i Os.
I vinter måtte dei nye eigarane av Rosvold Sport Os AS kasta inn handkledet. Tidlegare eigar, Rune Rosvold held fram med tippekiosken i eige firma.
Men det er framleis omsetnad av sportsvarer i lokalet. Kor lenge held det fram?
– Vi kjøpte konkursbuet og teikna ny leigekontrakten i februar, seier Tore Henning Sund frå Outlet Store AS.
Har fire butikkar frå før
Sund har jobba med kjøp og sal av konkursbu sidan 1985, dei siste 2-3 åra med utsal frå eigne lokale.
– Vi har butikkar i Haugesund, Voss, Førde og på Eidsvåg – i tillegg til den på Os.
Held fram på Os
Nokre utsal har berre vore opne nokre månadar, for å få ut varene. Andre, som den i Haugesund, har hatt så god handel at den har vore open frå start for 2,5 år sidan.
– Vi kan vera rask inn og rask ut, vi teiknar ikkje lange leigeavtalar. Alt kjem an på handelen og tilgangen på varer.
– Og til no har det vore veldig god handel på Os, så vi held fram på ubestemt tid, seier Sund.
Sport, leikar og kjøkkenutstyr
Det ligg framleis restar etter Rosvold i hyllene i lokalet, som syklar og fotballsko, men det har også kome inn mykje nytt.
– Vi har alt frå kjøkkenutstyr til interiørvarer og hagemøblar, alt til 50 til 90 prosent rabatt, fortel Robert Aspevik Hannisdal.
Han står for den daglege drifta av butikken.
– Eigarane kjøper konkursbu og vareparti i dei fleste kategoriar, også verktøy og leikar kan koma.
– Vi kjøper også frå utlandet. Nedover i Europa er det veldig dårleg stilt og mange gode kjøp, seier Sund.