Ingen smitta - få på testing
– Endeleg svar på resultatet av påsken får vi først om nokre dagar.
Tysdag og fekk vi høyra om to pluss to nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune, dei fire første etter nesten to veker utan smitte. To av dei var i samband med utanlandsreise.
– Det har ikkje kome fleire positive prøvar i helga, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.
Det er venta at påskeferien, med tilhøyrande reising, kan føra til noko auka smitte og langt fleire som testar seg.
Mens BT fortel om over to timar kø og sprengt kapasitet ved fleire testsenter i Bergen måndag, var det roleg i Kolskogen i Os.
– I dag har vi hatt knappe 40 på testing, sjølv om vi hadde stengt testsenter søndag.
Dei to testsentra i kommunen hadde stengt skjærtorsdag og første påskedag.
Samla i førre veke var det 280 som testa seg i Kolskogen og rundt 20 på Fusa-sida av kommunen.
– Sjølv om kanskje dei fleste kom seg heim første påskedag, ventar vi at det kan koma fleire å testa seg dei neste dagane.
– Er det mange bestillingar til test dei neste dagane?
– Foreløpig ikkje. Vi har mykje ledig, med halvfullt tysdag og nesten alt ledig dei neste dagane ut veka.