Ingen på venteliste på Os Gymnas
I dag fekk søkjarane til vidaregåande skular tildelt plass. Alle som søkte på Os Gymnas fekk plass, mens det på Os vgs er ventelister på enkelte linjer.
Natt til tysdag 8. juli blei det sendt ut digtalt svar til søkjarane til dei offentlege vidaregåande skulane i Hordaland.
– Svarfristen er i slutten av juli, 4. august startar andreopptaket, seier Nils Skavhellen ved inntakskontoret i Hordaland fylkeskommune.
– I Os vil eg tru at gymnaset ville ønskt seg fleire søkarar medan vi på Os vgs både har linjer med lange ventelister og linjer som var ei hårbreidd frå å bli lagt ned.
Os Gymnas: Alle kom inn
Ved Os Gymnas har det vore både 4 og 3 klassar per trinn.
– For fire år sidan, då Nordahl Grieg opna, var det mange frå Os som søkte seg til Nordås, og Os Gymnas reduserte til 3 førsteklassar.
– I løpet av hausten var det fleire som fann ut at det var langt å pendla til Fana, men då var det for seint å opna ein fjerde klasse.
Både i fjor og i år blir det tre førsteklassar ved Os Gymnas, og i år kom alle inn.
– Skulen har plass til 280 elevar totalt. Det er 84 plassar på første trinn og alle som har søkt har fått plass.
– Det er heller ikkje venteliste på nokre trinn, og naturlegvis ein viss sjanse for at nokre av søkjarane takkar nei til plass.
Os vgs: Få på omsorg - kø på anleggsmaskin
Ved Os vidaregåande skule går det ifølgje Skavhellen «fint i hop».
– Men linja for barne- og omsorgsarbeidar var på håret til å bli lagt ned.
– Og anleggsteknikk VG2 har 60 plassar, men heile 137 søkjarar. Del av årsaka til den aukande mengda søkjarar er at TIP-elevar no kan søkja anleggsteknikk, noko dei ikkje kunne frå 2006 til i år.
Det lågaste karaktersnittet på dei som har fått plass ligg på 3,6-3,8.
– Dette er ei landslinje og eg vil tru at ein del av dei frå Rogaland heller vil velja ein skule nærmare der dei bur. Frå Hordaland er det til saman 91 søkjarar til linja.
Service og samferdsle og elektro har 30 plassar kvar. Service var det 16 som hadde som førsteval, elektro var det 28. 21 av desse fekk plass i første runde, dei 7 andre står på venteliste.
Ambulanselinja har framleis mange søkjarar mens bygg og anlegg går litt ned.