Sport | 01. apr. 2019

Ingen NM-plass til Os i år

Løfta seg etter svak start mot Fana, men klarte ikkje å skåra.

Ingen NM-plass til Os i år
Fana skåra på kampens første corner. 1-0 sto seg kampen ut. (Foto: Kjetil Vasb Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. apr. 2019 21:04

Bildeserie:

Sperrevik skaffa corner i opningsminuttet, Moldskred la inn. (Foto: KVB)
Sperrevik skaffa corner i opningsminuttet, Moldskred la inn. (Foto: KVB)
Hardt skot, men rett på keeper. (Foto: KVB)
Hardt skot, men rett på keeper. (Foto: KVB)
Tigerredning på tampen av 1. omgang. (Foto: KVB)
Tigerredning på tampen av 1. omgang. (Foto: KVB)
Henrik Sperrevik sin første frå start. (Foto: KVB)
Henrik Sperrevik sin første frå start. (Foto: KVB)
Walberg hindra Ekeberg, som jobba hardt for å utlikna. (Foto: KVB)
Walberg hindra Ekeberg, som jobba hardt for å utlikna. (Foto: KVB)
Jonas Hovland (midten) frå start for første gong, også han gjorde god figur. (Foto: KVB)
Jonas Hovland (midten) frå start for første gong, også han gjorde god figur. (Foto: KVB)
Hardt med høgre, men i målveggen av Bødtker. (Foto: KVB)
Hardt med høgre, men i målveggen av Bødtker. (Foto: KVB)
Rune Mo skaut over. (Foto: KVB)
Rune Mo skaut over. (Foto: KVB)
Os pressa siste 20, men måtte sjå NM-plassen som tapt. (Foto: KVB)
Os pressa siste 20, men måtte sjå NM-plassen som tapt. (Foto: KVB)
1 av 9

Os spelte i kveld andre kvalifiseringsrunde til årets NM borte mot Fana.

Dei var heldige som berre låg eitt mål bak til pause, og løfta seg i andre omgang, men utan å klara å senda kampen til ekstraomgangar.

Fana - Os 1-0 (1-0)
Målskårar: Martin Hummervoll
Os: Chris Midtun - Anders Havsgård, Jonas Hovland, Alexander Dale, Vegard Skeie - Rune Mo - Steffen Kvamsdal, Henrik Sperrevik (Marius Mikkelsen 72.)- Fabian Bødtker, Mats Cato Moldskred og Roger Ekeland.

Kampen starta friskt, og begge lag var frampå kvar sine gongar i opningsminutta. Henrik Sperrevik, som fekk sin første kamp frå start, skaffa Os to frispark.

– Det var veldig kjekt å få tillit frå start, og ein gøy og spennande kamp å spela, synest sonen til tidlegare toppskårar og trenar Tim Henrik Sperrevik.

Dette var òg Jonas Hovland sin første frå start. Han spelte til godkjent i midtforsvaret, mens Skeie tok plassen som venstreback mens Harry Moore er ute med skade.

Frisparket som Sperrevik skaffa blei, saman med eit skot av Moldskred frå rundt 20 meter, Os sin einaste halvsjanse før pause. Os hadde nokre forsøk på å tre gjennom til spiss, utan å lykkast, og kom ikkje til meir enn eitt innlegg.

Fana gjekk opp i 1-0 på kampens første corner, og heimelaget hadde fem cornerar i første omgang mot null hjørnespark til Os. Kvar corner var dessutan ein sjanse, og ei tigerredning av Midtun på dobbelsjanse til Fana gjorde at det ikkje såg verre ut før andre omgang starta.

– Vi spelte på oss for mange brot og vi var for svake på dødballar. I pausen snakka vi om at det ikkje var for seint å snu kampen, og om å våga å stå høgare då Fana spelte seg ut, fortel Os-trenar Endre Brenne.

Os lykkast gradvis utover i omgangen, fekk seg to cornerar og eit frispark få centimeter utanfor 16-meteren som Rune Mo skaut over med grei margin. Roger Ekeland fekk vist fart og styrke, men sleit med å koma seg forbi tidlegare Lysekloster-spelar Mats Walberg, som no er tilbake i Fana-forsvaret.

– Så lenge vi ikkje klarte å skåra fleire på dei store sjansane i første omgang, så blei det nerve i kampen, spesielt dei siste tjue minutta. Måten vi takla dette på er eg nøgd med, vi heldt hovudet kaldt og vi tok duellane, seier Fana-trenar Ørjan Håland.

Os har treningskamp mot Sotra laurdag, seriestart er laurdag 13. april heime mot Stord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.