– Ingen er alvorleg skadd
Fire gutar kom frå ulykka på Moberg utan alvorlege skadar. Det er førebels ikkje tatt beslag i førarkortet til den unge bilføraren.
Torsdag i 22-tida fekk politiet melding om bil på taket på E39 ved Liafjellstunnelen.
Fire personar blei frakta til sjukehus og bilen var totalskadd.
Bilen hadde retning frå Svegatjørn mot Moberg då førar mista kontrollen kort tid etter brua over Ulvenvatnet.
Utan alvorleg skade
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Kjersti Eidsnes, opplyser at det var to 15-åringar og to 18-åringar i bilen.
– Ingen av dei fire er alvorleg skadd, seier Eidsnes til Midtsiden.
Alle dei fire skal ha kome seg ut av bilen på eigahand og ringte sjølv til politiet.
Oppretta sak
Det er ikkje mistanke om rus og det er heller ikkje tatt beslag i førarkort.
– Men det er oppretta sak, og då blir det paragraf 3, som går på det å vera aktsam, førar skal i avhøyr om.