Inga avklaring
Raudlio/Stokkedalen blir ikkje seldt før helga. Framleis er Os kommune einaste bodgjevar.
Salansvarleg i Statskog, Nils Lygre, fortel fredag ettermiddag at bodet frå Os kommune framleis er det einaste som har kome inn.
– Eg hadde ein telefon nett no frå ein interessent, men dei måtte ha styrehandsaming på saka, og det spørs om dei klarar innan måndag morgon.
Austlendingane treng tid
Lygre fortel vidare at han ikkje har høyrt noko meir får grupperinga på austlandet som skulle ha vore interessert i Raudlio/Stokkedalen.
– Dei vil nok gjerne sjå på eigedomen og bruke litt tid.
– Det gjenstår å sjå om det kjem noko meir derifrå.
– Kva skjer vidare no då?
– Mandag veit vi nok noko meir.
– No har eg frå øvste hald at det er uaktuelt å akseptera eit bod på 8 millionar, så eg vil ta kontakt med kommunen måndag for å høyre korleis dei stiller seg, avsluttar Nils Lygre.
Kommunen sitt bod står i utgangspunktet til klokka 16 fredag, så gjenstår det å sjå om kommunen aukar bodet måndag for å få ei avgjersle.
Området Raudlio/Stokkedalen er på 10 204 dekar, kor 6 462 dekar er anslått å vera produktivt skogsareal.