Influensarush på legevakta
Om lag dobbelt så mange som vanleg tok kontakt i jule- og nyttårshelga. Telefontrøbbel skapte krøll. - Eg har aldri opplevd det så travelt, seier Siri Linn Schmidt Fotland.
Om lag 70 telefonar kvar dag berre frå Os, i tillegg ei mengde frå Fusa, Samnanger og Austevoll, som òg blir betjent av legevakta på Moberg, gjorde det til ei travel jule- og nyttårshelg for dei tilsette på legevakta.
- Normalt ligg vi på mellom 30 og 50 personar frå Os som vender seg til legevakta.
- I periodar ringte det så tett at vi ikkje klarte å ta unna, sjølv om vi styrka bemanninga ekstra.
- Då vi i tillegg fekk trøbbel med telefonsystemet nokre av dagane blei det ikkje heilt den jula vi hadde venta oss, fortel administrativ leiar Siri Linn Schmidt Fotland.
Influensa og omgangssjuke
Hovedtyngda av pasientane var plaga med influensaen.
- Det var uten tvil den største gruppa. I tillegg var det ein del med omgangssjuke som kontakta oss.
- Nokre av pasientane var såpass ramma at vi måtte gje antibiotika og også få dei lagt inn, forklarar Schmidt Fotland.
Telefonkrøll gav utfordring
På kvelden 29. desember byrja telefonsystemet å få tekniske problem.
- Vi sleit med dette den kvelden, på føremiddagen etter og litt også nyttårsaften, men no skal det vera retta og leverandøren jobbar med å forsterka systemet og finna gode backupløsningar.
- Eg må berre få beklaga til dei som ikkje kom gjennom.
- Vi gjorde så godt vi kunne, men når systemet ikkje var med oss så var det lite vi kunne gjera, forklarar ein audmjuk administrativ leiar, som òg nyttar sjansen til å skryta av dei tilsette.
- Trass i problema stilte dei sporty opp og tok ekstravakter slik at vi kunne bemanna opp i forsøk på å gjera det beste ut av det.
Hald deg heime, ta det med ro
Saman med Schmidt Fotland på legevakta onsdag var òg legevaktoverlege Sveinung Gangstø. Han tilrår dei som er i risikogruppene om å vaksinera seg.
-Dei over 65 år, dei med hjarte-/lungesjuke og dei med svekka imunforsvar bør absolutt ta vaksina, rår Gangstø.
- Kva med oss andre, som får influensaen, kva bør vi gjera?
- Ta det med ro heime så du ikkje smittar andre, hald deg varm og drikk mykje.
- I tillegg kan du ta febernedsetjande ved behov, forklarer overlegen.
- Og så bør alle vera ekstra nøye med hand- og nysehygiene, skyt Schmidt Fotland inn.
Anbefalingane går på at du nys i på innsida av olbogen i staden for i handflatene, og at du vaskar nevane nøye.