Ina suveren i kvartfinalen
Ina Grindheim vann 11-1 i Bucuresti. Eirin Dale blei skadd, men klarte også å kjempa seg til semifinale i EM.
Kickboxarane Eirin Dale og Ina Grindheim frå Os er denne veka i Romania for å delta i EM.
Les òg: Kampklar i Bucuresti
I dag gjekk begge jentene kvartfinalar, Ina i -65 kg, Eirin i -55 kg.
Tittelforsvarar Ina hadde full kontroll på tyrkiske Nazire Cobankaia og kampen blei avgjort på 10-poengsleiing då Ina gjekk opp i 11-1.
– Fantastisk innsats av Ina, seier landslagstrener Gianpaolo Calajò.
Imponerande opphenting av Eirin
Eirin Dale møtte irske Sinead Beasley. I to rundar låg ho under, på det meste med fire poeng.
Då det var eitt minutt igjen av tredje runde var det 12-12, på 14-14 blei Eirin skadd, men då det var 15 sekund igjen fekk Dale overtaket og vann 18-17.
Landslagstrenaren er mektig imponert over opphentinga.
– Meisterleg gjort å halda hovudet kaldt på denne måten, seier han om Eirin, som tok sølv i VM i fjor og bronse i førre EM, som gjekk i Athen i 2010.
Både Ina og Eirin går semifinalar torsdag.