Imponerte NYFD
Brannmenna frå New York blei imponerte då dei vitja nye brannstasjonen på Moberg. – Kor flott, og så reint, var Chief Nicholas Del Re sin umiddelbare reaksjon.
Onsdag var ein delegasjon frå New York Fire Department (NYFD) og fergeselskapet The Staten Island Ferry på vitjing på Halhjem og ombord i MF Bjørnefjord for å læra om gassdrevne ferger og tryggleiksrutinar rundt dette.
"Turneen" blei avslutta med middag og omvisning på den nye brannstasjonen på Moberg.
– Det blei ein triveleg middag og god stemning rundt bordet, fortel brannsjef Stein Gjøsund om vitjinga frå "storebroren" i New York.
Mykje meir oppdelt
I tillegg til å bli imponert over alt brannvesenet hadde klart å samla på dei 2000 kvaderatmeterane på Moberg, var også organiseringa av brann- og redningstenesta, med first responder, dykkarar, vedlikehald og brannberedskap, noko dei lot seg imponera av.
– Ein einskild brannstasjon i New York kan nok minna mykje om denne.
– Men vi er mykje meir spesialiserte. Vi har ein stasjon for brannslukking, ein for vedlikehald av materiell, ein for handtering av farleg gods også vidare.
– Her gjer jo brannvesenet alt på same plassen, konkluderte Chief in Charge Nicholas Del Re då varabrannsjef Arne Monsen tok kollegaene med på ein rundtur på stasjonen.
I New York tel brannstyrken totalt 14.000 personar, medan brannvesenet i Os har 24 i operativ brannteneste.
Konservative amerikanerar
Brannsjef Stein Gjøsund var saman med branninspektør Martin Østgulen Svendsen, ansvarleg for å fortelje dei besøkande om brannvesenet sine prosedyrar og haldingar i høve bunkring og bruk av naturgass i transportsektoren.
– Sjølv om dei er større enn oss, og har kome lengre enn oss på mange områder, så heng dei etter når det kjem til bruk av naturgass i transportnæringa.
– Amerikanerane er nok meir konservative enn det vi er her heime. Mellomanna har det fram til nyleg vore lovforbod mot bruk av gass som drivstoff der borte, fortel Gjøsund.
Fekk eit meir nyansert syn
Etter å ha vore med dei norske brannmenna på synfaring og møte, var det nok ei litt anna haldning å spora blant amerikanerane.
– Dei verka betrakteleg lettare i går kveld enn då vi først møtte dei i går morges.
– Men dette handlar om kompetanse, og det er kjekt å kunne dela den kompetansen vi sit på i Noreg med våre kollegaer frå New York, seier brannsjefen.
Auka beredskap i næringa
Det var ikkje berre dei amerikanske gjestane som lot seg imponera over brannvesenet si kompetanse.
– Denne omvisninga er jo organisert av Maritimt Forum i Bergensregionen.
– Då vi var i ferd med å ta farvel i går kveld om ein av dei bort til meg og inviterte oss inn i forumet.
– Han meinte at den kompetansen vi sit på ,trengte dei i næringa og vi skulle difor få bli medlemmar kostnadsfritt.
– Det tykkjer eg er veldig kjekt. Eg trur også bransjen gjer godt i å tenkje beredskap i enno større grad enn dei allereie gjer. Vi har blitt ei kompetansebedrift, like mykje som vi er ein naudetat, slår brannsjef Stein Gjøsund fast.