Sport | 03. mars 2013

Imponerte mot Gloppen

Andrelaget til Os Turn imponerte laurdag då dei slo tabellfirar Gloppen 29-22 i Firdahallen.

Imponerte mot Gloppen
Silje Martine Årseth på ei av dei mange kontringane ho kom på i kampen mot Gloppen (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 03. mars 2013 00:27

Os Turn sitt andrelag i handball rykka opp til tredje divisjon før denne sesongen. Laurdag spelte dei, som herrelaget, mot Gloppen i Firdahallen. Det unge laget frå Os imponerte stort mot laget frå Nordfjord.

Kampen starta trått for båe lag, etter 10 minutt var det berre skåra fem mål i kampen. Etterkvart tok Osdamene føringa i kampen og kunne til pause to mål føre med stillinga 11-9.

- Eg er imponert over innsatsen jentene legg ned, skryt Marte Øvreeide.

Silje Martine løp

I andre omgangen rykkar Osdamene frå, anført av venstreving Silje Martine Årseth som løper på kontra gang på gang.

Med kjappe ballar framover i den løpsvillige ungjenta festar Os grepet om kampen og vinn til slutt 29-22.

- Det var to deilige poeng, jublar Øvreeide som i helga har tatt trenaransvaret i Erlend Lyssand og Torbjørn Bøthun sitt fravær.

Sundag venter Dale i nytt oppgjer for 3. divisjonsdamene som no ser ut langt på veg å ha sikra plassen i divisjonen.

Gloppen - Os 22-29 (9-11)
Utv: Gloppen ingen, Os 2 x 2 min
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Silja Lunde Espelid (1), Mona Stigen (6), Vilde Djupvik Fyllingen (3), Stine Sandven Færøyvik (1), Caroline Fjellanger Cook (1), Malin Lunde Fosen (8), Renathe Sperrevik (1), Aurora Forstrønen (1), Silje Martine Årseth (7), Marie Haringstad.

SJÅ TABELLEN HER

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.