- Imponerande!
Jentelaget blei slått ut i dag, men andrelaget til juniorane er vidare og gutelaget leverte årsbeste i 32-delsfinalen. (Oppdatert med fleire bilde)
Bilde, bak frå venstre: Vidar Bahus (trenar), Håkon Kvittingen, Kristian Lyssand, Håvard Grøteide, Frode Øvredal, Joakim Albrigtsen Bjørnevik, Hung van Duy Dang, Simen Sande, Jan Ole S. Johannesen, Fredrik Nielsen.
Framme frå venstre: Thomas Hamre Bahus, Lasse Sævareid, Olav Skogen, Martin Tysseland, Simen Helland Lassen, Fredrik Heggland, Per Kristian D. Bøe.
Jentelaget tapte første kamp i A-sluttspelet 0-3, men gutelaget og begge juniorlaga til Os er framleis vidare i Norway Cup.
- Vi burde slått Åsa. Med to stolpeskot, to annulerte mål og fire fem som blei redda på strek var det surt med poengdeling, seier trenar Vidar Bahus om andre kamp i innleiande runde.
Den første tapte gutane 0-5 for puljevinnar Mandalskameratane. Men i siste kamp kom 16-åringane frå Os tilbake for fullt, og vann 5-0. Med Åsa sitt 0-4-tap for MK gjekk Os vidare på fleire skåringar, og i dag har dei imponert i sluttspelet.
Simen og Simen x 2
I formiddag spelte Os 64-delsfinale mot Kjelsås.
- Midtstoppar Joakim Bjørnevik var klar før kampen, "i dag er kun siger godt nok". "Klart vi skal vinna", kom det støttande frå Jan Ole Johannesen, fortel Eirik Sande.
Sande er publikum og far til Simen. Simen skåra eitt av måla, og kom med eit innlegg som motstandarene sette i eige bur. I tillegg var det ein annan Simen som skåra, og han skåra først.
Kampen starta bra og det gjekk ikkje lang tid før Simen Lassen kom seg fri på venstrekanten og forserte tre forsvararar før han sette ballen kontant i nota. Etter nokre fine raid på høgresida lykkast Simen Sande med eit kontant innlegg som gjekk via en forsvarar og i mål.
- Laget kontrollerte siste del av omgangen også, men det var ingen lett jobb å forsvara seg mot kraftige og sterke midtbanespelarar frå Austlandet, fortel Sande senior.
Etter sidebyte, i god medvind og sol på Ekeberg-sletta, heldt Os fram med å styra. Halvvegs i omgangen var Sande på farten på nytt, etter fleire gode raid putta han inn 3-0 og sikra ein fortent siger til gutelaget.
Til 16-delsfinale etter 5-1
Klokka 20.15 onsdag spelte gutelaget neste kamp, mot Oppdal i ausande regnvêr.
- Gutane såg ikkje ut til å bry seg om regnet, dei har berre blitt betre og betre i turneringa, og spelte det eg trur må vera årsbeste i kveld, seier Eirik.
Med enorm innsats og klikk-klakk fotball, med fine angrep via kantane, tok dei styringa tidleg og leia 3-0 til pause. I andre omgang auka dei til 5-0 før Oppdal fekk eit trøstemål.
Jan Ole Johannessen storspelte og skåra to, Lasse Sævareid, Fredrik Heggland og Håkon Kvittingen skåra også.
- Fredrik var iskald åleine med keeper. I tillegg imponerte midtstopparane Joakim Bjørnevik og Håvard Grøteide - og ikkje minst keeper Martin Tysseland, som hadde ei fantastisk redning av frispark tidleg i kampen.
Os 2 vidare i B-sluttspelet
Andrelaget til juniorane var i går 30 sekund frå A-sluttspelet.
- Det sto 0-0 før eit frispark frå rundt 40 meter gjekk i tverrliggar, så på strek og i mål. Med 0-1-tap for Kurdistan blei det dessverre B-sluttspel, seier Leif Gunnar Borgen.
I dag møtte dei Abildsø, laget Os 1 slo 6-0 i første kamp i pulja. Os 2 gjorde det ikkje så verst dei heller.
- Det syo 0-0 til pause, men så gjekk det unna. Tor Erik Berge skåra på straffe, og la etterpå inn til Åsmund Berget, som putta til 2-0.
Motstandarane fekk også straffe, men denne gjekk ikkje forbi solide Fredrik Sælen i Os-buret.
- Vegard Engelsen Moberg sørgja for 3-0 før slutt, fortel Borgen.
Kampprogram torsdag:
11.30 Os 1 - Kurdistan (16-delsfinale, A-sluttspel)
12.50 Os 2 - Åsane (Kvartfinale, B-sluttspel)
14.20 Os G16 - CFK (16-delsfinale, A-sluttspel)