– Ikkje tenn bål no!
Ein turgåar i Lysefjorden kom over eit ulmande bål. – Ikkje tenn bål no, seier brannvesenet.
Søndag formiddag kom ein turgåar over eit ulmande bål med røyk ved Lomatjørn i Lysefjorden.
– Han gjekk heim og henta spade og ei bøtte og fekk sløkt bålet med vatn frå tjernet. Han gjorde ein kjempejobb, skryt Anne Kjersti Storebø, vakthavande i Os brann- og redningsvesen.
Gløra går ned i bakken
Storebø har nettopp vore på staden for ein etterkontroll.
– Alt ser greit ut der no. Men vi vil komma med ei instendig oppfordring om å ikkje tenna bål no som der er så tørt. Heldigvis ser det ut til at det skal komma regn til veka, men det vil framleis gå nokre dager før det er trygt, seier Storebø.
110-sentralen tvitra tidlegare i dag, både om hendinga ved Lomatjørn og ei episode på Smøråsfjellet.
– Glør etter bål frå i går har gått ned i bakken. Gløra har gått dypt ned i bakken. Held dykk til regelverket om bruk av ild i skog og mark på denne tida. Kos dykk på tur, men følg lovar og reglar, er oppmodinga frå 110-sentralen.