Ikkje prøvemuntleg
Tiandeklassingane ved Os ungdomsskule får ikkje muntleg prøveeksamen som planlagt grunna økonomi. - Vi håpar å få det til i veke 23, seier assisterande rektor Sturle Lekven.
Etter planen skulle elevane i tiandeklasse ved Os ungdomsskule denne veka hatt muntleg prøveeksamen for å lære korleis det kan bli om dei kjem opp i muntleg eksamen seinare i vår.
I slutten av førre veke fekk dei kontramelding om at det ikkje blei noko av fordi skulen ikkje hadde råd.
- Det er på sett og vis rett.
- Vi har utsett det for å avklara situasjonen og håpar vi får det til i perioda mellom skriftleg og muntleg eksamen, forklarar Sturle Lekven, assisterande rektor ved Os ungdomsskule.
- Vi trur det kan vera mogleg å få gjennomført det i veke 23.
- Fordelen då er at elevane har det relativt ferskt i minne før dei eventuelt skal opp til den ordinære eksamenen.
Kan nok tenka seg erfaringa
Skulen ønskjer å gjennomføra prøveeksamen så likt som den ordinære eksamenen som mogleg. For å få til det treng dei å frigjera lærerressursar som kan veileda elevane og gjennomføre sjølve eksamenane.
- Det ville ha kosta for mykje på det noverande tidspunktet.
- I juni er det eindel andre aktivitetar på skulen som gjer den enklare å frigjera dei naudsynte ressursane, forklarar Lekven.
- Det er mange nøgde elevar no då når dei, i allefall i første omgang ,slepp?
- Eg trur eigentleg ikkje det. Eg trur mange av dei kan tenkt seg å fått med seg den erfaringa ein prøveeksamen vil gje, avsluttar Sturle Lekven.